12 sjuandeklassingar til Tau i staden for på Sentralskulen

12 elevar frå sjuande klassetrinn i Finnøy vil frå hausten av gå på Tryggheim Strand barne- og ungdomsskule, i staden for på Sentralskulen på Finnøy. Det er ein av tre elevar.

Siv Helen Flesjå, Rose Iren Settem, Hanne Ruud Mjølsnes, Katrine Kindingstad Skogrand og Brit Idsøe kjem alle til å ha barn på Tryggheim Strand på Tau til hausten.|ARKIVFOTO: Rektor Bente Tjelta ved Finnøy sentralskule.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

Av Rune Nedrebø,

FINNØY:

Bakgrunnen for at mange foreldre flyttar borna sine til skulen på Tau, er både ønske om å la borna få gå på ein skule som dei oppfattar har eit godt rykte, Tryggheim på Tau,  men også misnøye med skulen på Judaberg.,

Øyposten har møtt fire foreldre som har born på Tau eller som skal flytta dei over dit til hausten frå sentralskulen på Finnøy. Siv Helen Flesjå, Brit Idsøe, Hanne Ruud Mjølsnes og Katrine Kindingstad Skogrand har alle barn på same trinn, sjuande klasse, som frå hausten av vil pendla mellom Finnøy og Tau. Samtlege er frå Finnøy, og tre av dei er foreldrekontaktar.

Også ei femte forelder,  Rose Iren Settem frå Finnøy, har vurdert dette som ei løysing, men etter å ha vekta mykje for og mot, har ho og mannen landa på at dei vil la barnet halda fram på Finnøy.

Vanskeleg avgjerd

-Det var ei veldig vanskeleg avveging, men det er ikkje ei enkel avgjerd å ta barnet ditt ut av skulen i nærmiljøet,  seier Settem til Øyposten.

Også dei foreldrene som har tatt eller vil ta borna sine ut av skulen på Finnøy, understrekar at dette har vore ei tøff avgjerd.

-Opplæringslova paragraf 9A seier at barna skal ha eit godt og trygt skulemiljø,  og det opplever eg at Tryggheim på Tau kan tilby, seier Brit Idsøe, som kjem til å flytta sitt barn over til Tau til skulestart i haust.

Hanne Ruud Mjølsnes flytta sitt barn over til Tau i november i fjor.

- På Tau ler dei med kvarandre, og ikkje av kvarandre, seier sonen min. Han har blomstra etter at han skifta skule. Og er det ein hendelse på skulen, får me beskjed fem minutt etter skuleslutt. Det opplever eg som ein store forskjell i forhold til på sentralskulen, seier Ruud Mjølsnes.

Ein av tre

Kort oppsummert er dette status: 6 elevar i sjuande trinn frå Finnøy går alt på Tau, mens seks skal begynna til hausten.  Det utgjer om lag ein tredel av elevane på dette trinnet på Sentralskulen.

Alle fem understrekar at dette ikkje er snakk om ein samordna aksjon, men avgjerder som den enkelte har tatt kvar for seg utan å vita om kvarandre. Når dei nå ynskjer å stå fram i avisa er det fordi dei er provosert av uttalelsar i Øyposten frå rektor og skulesjef om elevundersøkinga, som dei  oppfattar på som ei bagatellisering av problema frå skulen og skulesjefen si side. I undersøkinga scora sjuandetrinnet på Sentralskulen lågast i kommunen på trivsel.

Mobbing og grovt snakk

-Me hadde ikkje gjort dette viss alt hadde fungert greitt på sentralskulen, seier  dei, som opplever skulekvardagen i sjuande klasse på Sentralskulen slik:

 -Svært grov språkbruk mellom elvane som ikkje blir slått nok ned på. Elevar brukar grovt språk både når dei snakkar med kvarandre, og om kvarandre.

-Rasistisk språk.

-Mobbing.

-Uro og støy i klasseromet.

-Barna føler seg utrygge.

-Ingen tiltaksplan for eit godt psykososialt miljø, sjølv om foreldra har bedt om det.

-Problema har begynt i det små, og fått utvikla seg. Når elevane blir irettesette for å gjera overtramp,  blir det bare med snakk. Det får ingen konsekvensar, meiner dei.

Dei fem foreldra understrekar at dei ikkje lastar lærarane for situasjonen på trinnet. Etter deira meining gjer lærarane så godt dei kan, det er i leiinga det sviktar.

-Det er rektor og leiinga sitt ansvar å setja inn lærarar som ivaretek elvane. Den eine klassen fekk nye lærarar i fjor haust, med spesialpedagog i dei fleste timane. Det har vore positivt, men mange elevar opplever fortsatt store utfordringar, seier dei.

Ikkje svar frå skulesjefen

Ifølge dei fem foreldrene er skulesjefen blitt varsla om situasjonen på trinnet gjennom epostar, men utan at det har kome nokon reaksjon.

-Det er to sjuandeklassar, er situasjonen lik i begge klassane?

-Me oppfattar at det er problemer i begge klassane. Dette er eit grunnleggjande problem for skulen, sjølv om situasjonen varierer frå klasse til klasse, seier dei, og saknar at skulen ope og ærleg innrømmer at det er problemer, i staden for å glatta over det, seier dei.

-Det ville gjort oss mykje tryggare, seier dei fem foreldrene, og legg til at etter det dei kjenner til har det vore liknande utfordringar også i tidlegare kull.

Alt er likevel ikkje heilsvart, meiner dei. For eksempel når elevane er på tur, eller jobba med å førebu 17. mai.

-For ein flott gjeng, i slike samanhengar fungerer dei heilt topp, seier foreldrene,

 Rektor Bente Tjelta ved Finnøy sentralskule.

-Dette tar me på alvor

Leiinga ved Sentralskulen på Finnøy beklagar at ein tredjedel av sjuande klassetrinn heller vil gå på Tryggheim Strand. -Dette er ikkje noko hyggeleg, seier dei.

Av Rune Nedrebø

FINNØY:

Rektor Bente Tjelta stadfestar at det ikkje har vore så mange på eit trinn som har slutta før.,

Både ho og avdelingsleiar Anja Helen Steinsland meiner begge at det ikkje er ei enkel forklaring på kvifor så mange flyttar over til Tau. Det er ulike begrunnelsar for det, som varierer frå elev til elev, meiner dei.

-Men dette er noko me sjølvsagt ser alvorleg på, og er alt anna enn glade for. At elevane skal trivast på skulen er noko me jobbar med heile tida saman med FAU, og har ikkje tenkt å sleppa det. Det har alt gitt resultater, meiner dei.

-Dette er ikkje noko me vil bagatellisera. Som skule har me ikkje lukkast når elevane ikkje vil gå her, det er noko me må ta lærdom av, understrekar både Steinsland og Tjelta.

Dei to leiarane ved skulen ønskjer ikkje å gå inn på dei konkrete ankepunkta som foreldra Øyposten har snakka med, opplever, men stadfestar at det har det vore utfordringar knytta til enkelte miljø ved skulen,

-Kva vil skulen gjera med dette?

-Me må begynna tidleg, heilt frå første klasse og jobba med dette. Det er ikkje noko rask løysing på dette. Det må vera fagleg forankra og er noko som må jobbast med over tid for å unngå at me kjem i ein slik situasjon som nå, i framtida,  seier dei.

Tjelta og Steinsland beklagar også viss foreldra ikkje opplever at dei når fram overfor skulen, men viser til at det har vore foreldremøter det klassemiljøet har vore hovedtema.

-God dialog med foreldrene er sterkt ønskjeleg frå vår side. Viss foreldre ikkje opplever det slik, må me ta det på vår kappe og prøva å gjera det betre,  seier dei.

 Jørn Pedersen er skulesjef i Stavanger kommune.

-Eit tydeleg signal

Skulesjef Jørn Pedersen tek det som «eit tydeleg signal» at så mange som 12 elevar frå sjuandetrinnet til hausten vil gå på Tryggheim Strand, i staden for på Sentralskulen på Finnøy.

Av Rune Nedrebø

STAVANGER:

-Me har i årets som har gått vore i dialog med skulen om miljøet blant elevane på skulen. Dette er noko som skulen har jobba med ei stund, men kor dei ennå ikkje er i mål, seier Pedersen til Øyposten.,

-Er det aktuelt å setja inn ekstra ressursar på Finnøy?

-Me kjem til å fortsetja oppfølginga av skulen på Finnøy når det er utfordringar, og ynskjer å støtta opp om rektor sitt arbeid.

-Foreldre meiner det er rektor og leiinga på skulen som sviktar?

-Det er alltid rektor sitt ansvar å skapa ein kultur og sikra at skulen har kompetanse til å skapa eit godt miljø blant elevane. Det er noko eg opplever at rektor også er opptatt av, svarar skulesjefen.

Jørn Pedersen er blitt forelagt klagemåla frå dei fem foreldrene som uttalar seg til Øyposten, og svarar at det skulen sitt ansvar å ta tak i dette.

-Men grov språkbruk til dømes, er ikkje noko elvane lærer på skulen. Dette er noko dei tek med seg frå fritida utanom skulen. Difor er det viktig at også foreldrene seier tydeleg frå om at dette ikkje er greitt, og skulen og foreldra har ein god dialog om å opptre som tydelege og gode føredøme, slår Pedersen fast.

-Du har fått to epostar, ein i november og ein i februar frå foreldrekontaktar som tek opp problema på sjuandetrinnen på skulen. Kvifor har du ikkje svart på dette?

-Det kan eg ikkje hugsa, og er noko eg bare kan beklaga, seier Jørn Pedersen.

Publisert: