Innbyggartorget har starta uteservering

I dag opna kafeen på innbyggarservice uteservering

Cathrine Selvaag t.v og Naomi Steinsland gler seg til å kunne severa gjestene ute i sommar. Foto: Oddbjørg Måland
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Og det på den internasjonale piknikdagen, Skulebolledagen og gastronomiens dag.,

- Det blir ikkje betre enn det, smiler Cathrine Selvaag, og held fram: Eller forresten, det skal bli endå betre her ute på kafeområdet. Me er ikkje heilt i mål ennå, men det er berre snakk om mindre ting.

I alle undersøkinagar som er gjort rundt Judaberg sentrum er det spesielt èin ting som har gått igjen, ein utekafè. Innbyggarane i Finnøy har lenge ynskja seg ein uformell møteplass utandørs, kor det det går an å få seg ein matbit eller kaffikopp. Kaihuset har hatt ein liten utekafe i fleire år, det same har Ryans Pizza.

Då Øyposten var på besøk berre ein snau time etter opning var det framleis tomt for folk, men leiar på kafeen Cathrine Selvaag, er ikkje bekymra.

- Eg trur dette kan bli ein kjekk møteplass både for fastbuande, turistar og hyttefolk. Tenk på alle båtturistane som kjem til Judaberg når Coop får bryggene sine klare. Så var me jo heldige med vêret på opningsdagen, smiler Selvaag.

Tidsrette bord og stolar i cortenstål og tre, er eit samarbeid mellom Roda Maskin og Arak. Dei er laga for å tola vêr og vind og er samtidig praktiske fordi dei har hjul og kan flyttast rundt. Hagelaget har levert blomar, forskjellige urter til hygge og nytte, samt to store prydtre i spesiallaga stålpotter frå Roda Maskin.

- Me er kjempegodt nøgd med alt saman. No håpar me berre folk vil bruka kafeen og gjer plassen til ein møtestad. Akkurat no er det plass til rundt 20 personar, men det blir fleire etter kvart som det blir lette i korona-restriksjonane. Frå i dag av byrjar og sommaropninga, det vil sei at kafeen er open kvar dag ifrå tysdag til og med laurdag ifrå klokka 1000 til 1500, fortel Cathrine Selvaag.

Publisert: