Denne koppen er plassert ut avb Ryfylke Friluftsråd.
Denne koppen er plassert ut avb Ryfylke Friluftsråd. FOTO: Av og til

Førstemann som finn denne får han til odel og eige

Ryfylke friluftsråd plasserte onsdag ut to kaffekoppar med teksten «Ekte kapteiner drikker kaffe»  i Ryfylke, som eit ledd i kampanjen for alkovett på sjøen. Finnaren får kaffekoppane til odel og eige.

BÅTLIV: Alkovettorganisasjonen Av-og-til samarbeider med redningsselskapet og politiet om kampanjen «Klar for sjøen», som skal fremja alkovett blant båtfolket.

I år blir det gjennomført flere kampanjetiltak, blant annet «Sommerkoppen». I den forbindelse har Ryfylkes friluftsråd sett ut to koppar med teksten «Ekte kapteiner drikker kaffe» på Rossøy ved  og Lådervik.

Kopp med budskap. FOTO: Av og til

Den første som finn koppen får han til odel og eige, og Øyposten tek gjerne mot tips frå finnarar.

Bileta skal gi ein viss peikepinn om kvar han er å finna.

– Me gledar oss veldig til å sjå kven den heldige finnaren av koppen blir, seier Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i Av-og-til.

– Me gjør dette for å setja fokus på kor viktig det er at kapteinar held seg edru bak roret. Alkohol gjer føraren meir impulsiv og risikovillig,  samtidig som kapteinen får dårlegare reaksjonstid, og er dårligare til å handtere uforutsette situasjonar. I fjor var ein av to som omkom på sjøen ruspåvirket. Difor står det «Ekte kapteiner drikker kaffe» på koppen, seier Eriksrud.

Kjenner du deg igjen? FOTO: Av og til