Lokalt næringsliv sparer millionar når bommen blir borte

Næringslivet i Finnøy vil spara millionar av kroner årleg når bommen i Finnfast blir fjerna alt frå 1. juli.

Kathrine Flesjå i Finnøy Betong,smiler frå øyre til øyre og vender tommelen opp for både bompengeslutt og reduserte ferjekostnader. Foto: Jon Asgaut Flesjå|Grieg Seafood og Stjernelaks på Helgøy vil spara over to millionar kroner årleg med reduserte ferjekostnader og bompengeslutt. Det gledar business controller Erlend Halsne.
|Det lokale næringslivet vil spare millionar, poengterer Egil Torgersen i Rennesøy Trafikk AS.
Foto: Jon Asgaut Flesjå|
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY-RENNESØY: –

Ja, dette er mest som julaftan og 17. mai på ein gong, og kanskje litt til. For dette er knapt til å tru, smiler dagleg leiar i Finnøy Betong AS, Lars Jøran Flesjå med sine vel 30 tilsette.,

Også i dei to andre store lokale bedriftene, Rennesøy Trafikk As på Rennesøy og Grieg Seafood, Stjernelaks på Helgøy, som dagleg sender trailar på trailar og andre store bilar gjennom bommen på Hanasand, stod jubelen i taket då den overraskande nyheten blei kjent  søndag ettermiddag.

-Kom faktisk i grevens tid

-Med den kraftig prisauken i prisane på stål, isopor og tre, som me nå er vitne til, så kom faktisk dette i grevens tid for oss, sier ein glad og letta dagleg leiar i Finnøy Betong, Lars Jøran Flesjå, som har 30 personar på lønningslista.

-Me skulle gjerne visst litt om dette på forhånd, slik at me kunne budsjettert og kalkulert det inn i dei meir langsiktige avtalane og kontraktane som me dagleg må forholda oss til, undertrekar han.

- Men det får så vera, for dette er av svært stor betydning for ei lokal bedrift som vår, som alltid må leggja bompengane på Hanasand inn i våre kalkylar som ein ekstra kostnad når me skal konkurrera om oppdraga, undertrekar Flesjå.

Økonomi- og faktureringsansvarleg, Kathrine Flesjå i Finnøy Betong reknar med at det blir store pengar å spara.

-Dersom ein tek utgangspunkt i dei to siste åra, så har me lagt igjen frå 800 000- til ein millionar kroner årleg i bommen på Hanasand, opplyser ei smilane Kathrine Flesjå, etter å sjekka rekneskapsatala iå datamaskinen framfor seg.

Sparer hundretusnar på ferja

-På toppen av dette kjem 25 prosent reduksjon i ferjebilletten også?

For det blir vel ein del turar med ferja både over Boknfjorden og på ferjene i Finnøysambandet innimellom?

-Det er korrekt. Me har mange oppdrag både på Haugalandet og lenger nordover mot Bergen. Så eg trur nok at me kan bokføra ei innsparing også her på 200.000-400.000 kroner årleg. Så det blir fort pengar av dette, som viser klart igjen på botnlinja, seier ho og vender tommelen opp til ære for fotografen.

-Nå kan me tilnerma konkurrera på like veilkår med bedriftene på Nord-Jæren og lenger sørover også. Så, ja, dette var store ting som me ikkje heilt såg ville koma akkurat nå, legg Lars Jøran Flejå smilande til.

Mange «glade laksar» i Grieg. 

Også den nyleg tilflytta og ferske dagleg leiaren i Grieg Seafood Rogaland As, Nina Grieg, smiler nermast frå øyre til øyre, i det ho inviterer oss inn på det nye og flotte kontoret sitt i det vakre signalbygget til sentraladministrasjonen like ovanfor trafikkterminalen Judaberg.

-Det er heilt klart at dette er mykje pengar spart også for den viktige bedrifta Grieg Seafood Stjernelaks på Helgøy, seier Grieg. Saman med mann og barn har ho nå busett seg på Judaberg.

-Det er heilt klart at også slik reint privat for oss som innflyttarar slår dette veldig positivt ut. For det faktum at både fastlanfsforbindelsen Finnfast, og utsiktene til at prosjektet var nedbetalt i løpet av 2023 ,var heilt avgjerande for at familien har valt å busetja seg her, legg ho til.

-Så dette vil vera med på å sikra framtida for den store og viktige slakteribedrifta Stjernelaks i Sjernarøyane, der me veit at det er starta ein prosess med omstrukturering med tanke på ei betydeleg oppgradering  av heile slakterilinja av laks i regionen?

Halvannan million i bommen

-Slakteriet på Helgøy er eit flott og fleksibelt slakteri som blir drive på ein framifrå måte i dag. Så akkurat dette med bortfallet av bompengar, vil ikkje vera ein avgjernde faktor i det bilde. Me har difor heller ikkje noko umiddelbare planar om å gjera noko med slakteriet.Så framtida for slakteriet, og kva som vidare skjer på det området, vil ikkje la seg påverka av dette slik eg ser det, påpeikar dagleg leiar Nina Grieg.

Frå slakteriet på Helgøy blir det nermast dagleg sendt 8-10 trailarar fram og tilbake med både ferja over til Judaberg, og vidare gjennom bommen på Hanasand.

-Me legg nok igjen ca.1,5 millionar kroner årleg i bomstasjonen på Hanasand, opplyser business controller Erlend Halsne.

 Grieg Seafood og Stjernelaks på Helgøy vil spara over to millionar kroner årleg med reduserte ferjekostnader og bompengeslutt. Det gledar business controller Erlend Halsne.

-Og i tillegg kjem ein 25 prosent reduksjon i ferjebilletten til og frå Finnøy?

–Ja, det betyr nye innsparingar på fleire hundre tusen kroner. Så då nermar me oss fort to millionar kroner i reduserte ferje- og bompengekostnder. I tillegg betyr også dette ein betydeleg reduksjon i kostnadane fot dei mange leverandørane våre. Også det vil visa tydeleg igjen i våre rekneskap, slår Halsne fast.

Vinn vinn

Dagleg leiar i Rennesøy Trafikk, As, Egil Torgersen, smiler nermast i kapp med sola i det me møter han utanfor administrasjonsbygget og verkstadanlegget på Vaula .

Selskapet har fleire tilsette frå både Rennesøy og Finnøy kommunedel og sender dagleg både store semitrailarar og andre store både kraftforbilar og godsruter innover til dei grøne øyane i Ryfylket for å serva både dei viktige primærnæringane og den lokale oppdretsnæringa med ulike drivtsmidlar og anna varegods.

–Dette er ein vinn – vinn situasjon for både oss, og ikkje minst dei mange innan det lokale næringslivet på øyane som me fakturer med betydelege fraktkostnader, poengterer  dagleg leiar Torgersen.

-Ja, kva beløp snakkar me her om, dersom ein også tek med reduserte ferjebillettar?

–Då trur eg rask me snakkar om over to millionar kroner i reduserte ferjekostnader og bompengar som kjem heile det lokale næringslivet, spesielt i Finnøy, til gode.

Dagleg leiar Torgersen er også oppteken av at det lokale næringslivet i både Finnøy og Rennesøy, og gjerne heile Stavanger kommune, nå i felleskap står saman om styrka det lokale næringslivet.

 Grieg Seafood og Stjernelaks på Helgøy vil spara over to millionar kroner årleg med reduserte ferjekostnader og bompengeslutt. Det gledar business controller Erlend Halsne.

-Me skal alt i kveld, tirsdag, ha eit møte i den felles ressursgruppa for næringslivet i Finnøy og Renensøy som er etablert. Her arbeider me svært godt saman , på tvers av øyane. Og ein betre inngang til dette møte, med slike nye og langt betre ramevilkår , kunen me ikkje fått som opptakt til møte, avsluttar den lokale bedriftsleiaren frå Hinna.

Publisert: