Avtalen er i boks, og styreleiar i Schibsted Kyst, Øyulf Hjertnes og Stephan Dickinson kan gratulere kvarandre med handelen. (Foto: Schibsted)
Avtalen er i boks, og styreleiar i Schibsted Kyst, Øyulf Hjertnes og Stephan Dickinson kan gratulere kvarandre med handelen. (Foto: Schibsted)

Schibsted kjøper Øyposten

Stephan Dickinson sel 80 prosent av aksjane i Øyposten AS til Schibsted-eigde AS Lokalavisene. Med i handelen går også nettavisa Randaberg 24, som er fullt ut eigd av Øyposten.

FINNØY: – Dette er ein god dag for Øyposten og Randaberg 24. Avisene kjem inn i ein familie og eit konsern som er leiande digitalt, og som har planar om å veksa i åra som kjem. Begge deler passar perfekt for oss, seier Dickinson til Øyposten.
Han legg til at det ikkje er enkelt å stå aleine i dagens mediekvardag.
– Små lokalaviser har ikkje penger til å kjøpa store og kostbare digitale løysingar aleine. Eg trur det blir veldig bra både for lesarane og dei tilsette at Øyposten og Randaberg 24 nå blir ein del av eit større selskap, seier han.

Eig fleire aviser
AS Lokalavisene eig frå før lokalavisene Askøyværingen, Vestnytt, Strilen and Bygdanytt, alle i bergensområdet, og kan nå også føya Øyposten til portefølgen. Øyposten vil bli eit dotterselskap til AS Lokalavisene, med eige styre.
Stephan Dickinson vil forsatt sitja med 20 prosent av aksjane, og vil få ein plass i det nye styret i Øyposten AS. Avtalen Handelen vil bli gjennomført så snart han er godkjent av Konkurransetilsynet.
I tillegg til AS Lokalavisene, eig Schibsted også stor mediehus som Stavanger Aftenblad, Aftenposten, VG og Bergens Tidende. Sjefredaktør Lars Helle i Stavanger Aftenblad ser fordeler både for Øyposten og Aftenbladet med eigarskiftet.
-Me kan gjera mykje kult saman. Aftenbladet, Øyposten og Randaberg 24 utfyller kvarandre og vil bidra til at me alle kan styrka posisjonane våre. Når det er tomatfestival på Finnøy for eksempel, kan me tenkja oss live-sendingar som også Øyposten kan få ta del i. Det er også mulig at me kan publisera nyheter saman, og dermed nå endå fleire, seier Helle, som understrekar at det er viktig å få endå fleire digitale abonnentar.

Schibsted på besøk i Øyposten. F.v. Redaktør i Øyposten Rune Nedrebø, sjefredaktør i Stavanger Aftenblad Lars Helle, Stephan Dickinson, styreleiar i Schibsted Kyst Øyulf Hjertnes, Jon Asgaut Felsjå (Foto: Gudmund Rørheim)

Spennande i Rennesøy
-Korleis vil lesarane merka eigarskiftet?
-Målet er at me gjennom samarbeid kan skapa endå betre produkt som lesarane vil ha.
-Øyposten har satsa i Rennesøy i det siste, vil det halda fram?
-Ja, det er eit spennande trekk. Dette er eit område kor me konkurrerer direkte med Amedia gjennom Bygdebladet, og er ei satsing som det er naturleg å halda fram med.
-Kan staben i Øyposten bli styrka?
-Det er for tidleg å seia, men det er eit håp, sjølvsagt. Styret for Øyposten har vedteke budsjettet for dei neste to åra med uendra bemanning, og det er dette Schibsted så langt held seg til, svarar Lars Helle.
Ifølge Øyulf Hjertnes, styreleiar i Schibsted Kyst er kjøpet av Øyposten ein del av ein langsiktig strategi frå Schibsted si side om å veksa i Stavanger og i Rogaland. Hjertnes er også styreleiar i Aftenbladet og Bergens Tidende.
-Øyposten og Randaberg 24 er to fine aviser for sine lokalsamfunn, og me ynskjer å bidra til at framgangen i avisene skal halda fram. Alt handlar om å skapa god og relevant journalistikk og gode produkt. Me trur at me gjennom samarbeid kan oppnå mykje, til dømes gjennom kobling av abonnement, seier Hjertnes.
Det er ikkje kjent kor mykje Schibsted har betalt for aksjane i Øyposten AS.