Ennå ledige plassar på Barnas sommer i Finnøy og Rennesøy

Men det begynner å fyllast opp, så dei som vil vera med bør slå til nå.

Frå Barnas sommer-arrangementet i Mastrahallen i fjor
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY- RENNESØY:

Mastrauka, som arrangementet heiter har berre to ledige plassar, men dagleg leiar i Mastra Idrettslag, Silje Hagen, trur ganske sikkert at det berre er spørsmål om tid før også dei ryk. Mastruka er i veke 32.,

- Me hadde 100 plassar totalt, men det fyltest fort opp difor reknar eg med at dei siste to plassane også forsvinn no. Me vil også forsøka å utvida talet på deltakarar om det skulle nødvendig.

- Kor kjem deltakarane i frå?

- Dei aller fleste, rundt 90 prosent er born ifrå Rennesøy og øyane rundt. Dei andre kjem ifrå Stavanger-området.

Fortsatt ledig på Utsyn

På Utsyn kan leiar Sissel Marie Bjerga opplysa at dei har 8 plassar ledige i begge vekene. Ettersom dei fyrste plassane fauk ut på sju minutt, fekk Utsyn utvida tilbodet med 20 ekstra deltakarar per veke, og har nå til saman 40 plassar å tilby. Barnas Sommer på Utsyn går av stabelen i veke 25 og 26.

- Bli det fullt hus trur du?

- Alle gratis-arrangement er populære. Born i Finnøy er vane med å reisa på leir til Utsyn, så ja, eg trur også dei siste 16 plassane blir fyllt opp, seier Bjerga.

Idrettsrådet har ledig på Finnøy

Etter suksessen med 1000TAKK, som blei arrangert for fyrste gong i fjor sommar, har Idrettsrådet fått dobla støtta frå kommunen gjennom Barnas Sommer for å få med endå fleire i år.

Arrangementet er for born og unge født 2008 – 2013 og som er busette i Stavanger kommune.

Barna blir delt inn i ulike aldersgrupper som dei fylgjer gjennom idrettsaktivitetane heile veka.

Arrangementet i Rennesøy Idrettshall skal foregå i veke 25, og her er det alt venteliste. Arrangementet i Finnøy Fleibrukshall blir i veke 32, og her er det ennå ledige plassar.

Publisert: