Landbrukssjefen snur, naust er likevel nødvendig

Landbrukssjef Geir Helge Rygg har endra meining når det gjeld naustet til Birger W. Hetland. Det er likevel nødvendig for gardsdrifta, meiner han nå.

Landbrukssjef Geir Helge Rygg har endra meining når det gjeld naustet på Helgøy.|Dei raude punkta markerer kor Birger W. Hetland driv med gardsdrift i Sjernarøyane.|Naustet som er planlagt bygd på Helgøy i Sjernarøyane.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel
 Birger W. Hetland.

FINNØY:

Det politiske fleirtalet, minus Høyre og Frp, i utvalet for by og samfunnsplanlegging sa nei til søknaden frå Birger W. Hetland på Sjernarøy om å få riva eit eksisterande naust, og byggja eit nytt og større naust i staden.,

Grunngjevinga var at landbrukssjefen meinte det nye naustet ikkje var "strengt nødvendig" for gardsdrifta. Men nå har landbrukssjefen snudd.

Naustet som er planlagt bygd.

"Med den omfattende driften bonden har, ser vi at dette er en streng vurdering", skriv landbruksskef Geir Helge Rygg, som nå meiner naustet likevel er nødvendig for gardsdrifta.

Landbrukssjefen legg også vekt på at Hetland driv med bier.

"I tillegg til omfattende beiting på øyer er det planlagt utviding av bihold opp til 150 –

200 bikuber. For rasjonell drift er det derfor behov for enkel tilgang til bikuber og annet utstyr,for frakt til og fra nærliggende øyer og holmer. Det er behov for å frigjøre driftsbygning og,garasje hvor utstyret blir lagret til annet driftsmessig behov", skriv Rygg mellom anna.

 Dei raude punkta markerer kor Birger W. Hetland driv med gardsdrift i Sjernarøyane.

Birger W. Hetland er glad for at landbruksjefen nå har snudd.

-Det viser at det nyttar å klaga, og for meg har dette vore ei viktig prinsippsak. Viss ein bonde har bruk for eit naust som ein del av gardsdrifta, skal det ikkje vera nødvendig å søka om dispensasjon frå LNF-formålet. Men sjølvsagt må kvar enkelt sak behandlast for seg, og behovet for naust vurderast i kvart enkelt tilfelle. Her har landbrukssjefen nå gjort ei heilt rett vurdering som er i samsvar med den praksisen Finnøy kommune hadde, seier Hetland til Øyposten.

-Trur du denne saka kan ha betydning for andre liknande saker, til dømes naustet til Jan Bokn?

-Ja, heilt klart. Eg forventar ein snuoperasjon også der. Den saka har kome fullstendig skeivt ut, seier Birger W. Hetland.

I den nye vurderinga skriv landbrukssjefen mellom anna at det ut frå dei opplysningane som er komne fram i klagen og saka elles er gjort ein ny gjennomgang av rettleiaren "Garden som ressurs".

Det er mellom anna lagt vekt på at garden har 45 mjølkekyr, 50 sauer og noko geitehald, og at drifta foregår på minst fire øyar og minst ein holme. Søkjar meiner også at det vil vera vanskeleg å oppretthalda drifta som i dag utan tilgang til brygge og naust.

Publisert: