Finnøy posisjonerer seg med nytt, stort tomatgartneri

Sjølv om talet på aktive tomatgartnarar og veksthusgartneri har blitt redusert kraftig på tomatøya Finnøy det siste tiåret, er det likevel nokre få gartnarar som satsar stort.

.Flotte og smakfulle «Romanse tomatar» ferdigpakka og klar for butikkhyllene  frå det nye pakkeriet på Øvre Mjølsnes.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

Av: Jon Asgaut Flesjå,

FINNØY:

På Øvre Mjølsnes, like nord for kjente Lauvsnes Gartneri, kunne nemleg Øyvind Gjedrem denne veka levera dei første smakstomatane frå det nye og topp moderne pakkeriet og tilhøyrande veksthusanlegget på 5500 kvadratmeter.,

Og det berre vel sju veker etter at tomatplantane vart sett inn. I tillegg så har det i den andre delen av det 8,0  dekar store tomatgartneriet , også blitt montert opp eit heilt nytt lysanlegg . Det gjer at det no kan produserast tomatar av topp kvalitet nærmast året rundt, på Mjølsnes. Totalt har Gjedrem nå heile 12 dekar tomatar under glas.

-

Eg planlegg å kunne produsera tomatar i 9 månader, med eit opphald for blant anna reingjering og desinfisering i perioden november, desember og januar

.

Eigentleg kunne me produsert tomtar året rundt, men mangel på kapasitet i straumnettet gjer at må stengja ned i denne perioden, opplyser Gjedrem.,

300 tonn smakstomatar

Den hardtsatsande unge gartnaren frå Bjerkreim som er gift med Janne Mjølsnes har teke over gartneriet etter svigerfar Jarle Mjølsnes. Han har denne vinteren investert for om lag 20 millionar kroner i det nye tomatgartneriet sitt.

I samband med dette har han møtt stor velvilje frå både banken sin, og ikkje minst hjå myndigheitene gjennom betydeleg støtte frå Innovasjon Norge.

-Eg er veldig audmjuk og takknemleg for den velvilje og støtte eg har fått frå styresmaktene gjennom Innovasjon Norge. Det vitnar om at dei har tru på næringa, og at det å dyrka sunne grønsaker som dette er noko som skal og bør ha ei framtid, poengterer Gjedrem.

-Det at eg har hatt både banken min og det offentlege med meg på denne måten, har vore heilt avgjerande.

Tomathaustinga og pakkinga av delikate og smakstomatar frå sorten «Romanse» er alt i full gong inne i det nye og topp moderne pakkeriet i forlenginga av det nye veksthusanlegget. Flittige hender frå eit knippe  damer ved pakkelinja, plasserer tomatane i pappbegeret på samlebandet og kontrollerer at dei både har den rette raudfargen, og ikkje minst den rette kvaliteten før dei går vidare inn i maskinen som legg eit tynnt lag plastfilm over dei for å sikra kvaliteten under transport og lagring ute i butikkhyllene.

Når sesongen er over, ein gong i november månad, har Gjedrem eit håp om at 300 tonn tomatar har rulla ut frå gartneriet sitt på Mjølsnes.

Utfordrande koronasituasjon

Men det såg lenge ut til at den utfordrande situasjonen skulle forkludra heile framdrifta i den nøye planlagde byggeprosessen på Øvre Mjølsnes.

-Planter var bestilt til seinast 1. mars så då måtte berre alt vera klart. Men ettersom det var det hollandske selskapet  «Ammerlaan» som fekk oppdraget med å byggja veksthuset, måtte me også få opp hollandske montørar. Det medførte utruleg mykje komplikasjonar og ekstra stress inn mot ferdigstilling og «deadline» den 1. mars. Eg kunne sagt svært mykje om dette, og eit utruleg komplisert regelverk som har gitt seg utslag i mange ulike tolkningar frå både politiet og andre. Men eg vil likevel nytta høve til å rosa personalet på Utsyn som har gjort ein fantastisk jobb som både «karantenehotell» for både den utanlandske arbeidskrafta som både eg og fleire andre av mine yrkeskollegaer har vore heilt avhengig av. Dei har til og med  på frivilleg grunnlag vore i butikken og handla inn matvarer og andre nødvendige ting til dei for å hindra at dei skal koma i kontakt med andre. Det har gitt oss gartnarar ein veldig stor trygghet for at ingen skulle bli smitta av våre arbeidarar som potensiell smittekjelde, understrekar Gjedrem.

Rosar kollegaer og samarbeidet

Med nybygget på Mjølsnes er det nå heile 40 dekar tomatar under glas på den korte strekninga Lauvsnes-Mjølsnes. I store delar av produksjonssesongen vil aktivitetane og produksjonen sysselsetje opp mot 50 personar i den vesle bygda. Og på same måten som det som skjer elles, med den kraftige strukturrasjonaliseringa i primærnæringane her lokalt i Finnøy og Rennesøy, så opprettheld ein den same produksjonen anten det gjeld tomatar, kjøt eller tomatar på dei grøne øyane.

-Eg vil også gi ros til mine kollegaer i næringa både i Finnøy og Rennesøy kommunedel som har gått før meg og satsa like stort på dette. Det har vore til veldig stor hjelp både i planlegginga av sjølve produksjonen . Og ikkje minst som rådgjevarar under heile byggeprosessen. Det er eg veldig glad for at eg har kunne nytta meg av i heile denne prosessen, avsluttar Gjedrem.

 

Publisert: