Vestbø: Korleis vil pandemien enda til slutt

Korleis vil pandemien enda til slutt, spør doktor Vestbø i denne utgåva av koronaspalta i Øyposten. Me vil kanskje trengja vaklsine mot korona i fleire år framover, kanskje 10 år.

Tidlegare kommunelege i Finnøy, Eivind Vestbø,
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY

: Det er mykje vi ikkje veit om framtida til  Covid 19 viruset.  Men vi har likevel ein del kunnskap som peikar mot korleis dette kan enda.,

Ein modell for dette kan vi sjå gjennom historia til eit  anna koronavirus som starta ein avgrensa epidemi i 2002  (SARS epidemien). Den hadde ein dødelegheit på 10 % og det fantes inga vaksine. Likevel døydde sjukdommen ut av seg sjølv etter at omlag 8000 var smitta, og 800 døydde. Immuniteten var så god og varte så lenge at viruset ikkje overlevde. Teoretisk kan dette bli lagnaden til  noverande virus òg.

Meir sannsynleg  er det likevel  at Covid 19 viruset vil oppføra seg på linje med  fire andre koronavirus som i årevis har sirkulert i befolkninga. Dei er  i dag årsak til 20 % av alle  ufarlege forkjølingar. Truleg kom òg desse opprinneleg  frå dyreriket ( kanskje flaggermus). Det blir spekulert  om i det minste eit av dei  kom som ein farleg  pandemi i 1889 ( kalla den russiske epidemien) som tok omkring ein million liv.  I så fall  var  møte med mennesket farleg i starten, men så auka immuniteten i befolkninga og virusert roa seg, og blei til  ei vanleg forkjøling. Noko liknande  hendte med  den farlege Spanske sjuka  (influensavirus).  Den  starta  òg som  ein alvorlege pandemi men enda opp som vanleg sesonginfluensa. Og  er i dag ein  av dei vanlege   virustypane  som infiserer oss i vintersesongen.

Kanskje er dette òg framtida til Covid 19.  Viruset  kan  enda opp som eit mindre alvorleg  forkjølingsvirus.  Men i ei tid framover ( 10 år ?) vil vi  kanskje trenga nye vaksinar etterkvart som Covid 19  muterer, slik som vi gjer det  mot influensa. Influensa viruset muterer så ofte at vi treng vaksine før kvar vintersesong. Covid19  viruset  er framleis meir stabilt, og det er uklart om, og kor ofte vi vil trenga ny vaksine. I alle desse framtidsutsiktene  er heldigvis framtida lysare for heile  koronaproblemet. Så får vi bare vona at det ikkje kjem ein ny pandemi med det første.

Finnøy  19. april 2021

Eivind Vestbø

Publisert: