Nabokamp om dagsturhytta

Det er ikkje berer når det gjeld ferjeruter fognbuen og halsnøybuen er ueinige. Nå byggjer det nemleg også opp til ein skikkeleg lokalpolitisk drakamp mellom Fogn og naboøya Halsnøy om kven av dei to øyane som skal få lokalisert ei gratis og attraktiv dagsturhytte frå kommunen, Sparebakstiftelsen SR-bank og fylkeskommunen.

Det er berre formaliteter som gjenstår før arbeidet med dagsturhytta kan byrja.
 (Illustrasjon: Stavanger kommune)
  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FOGN-HALSNØY

: Mange trudde nok at dette var avgjort då kommunedirektøren i si innstillling gjekk inn for Ørnakulå på Fogn som lokalisering. Men då saka nyleg var oppe til uttale i kommunedelutvalet for Finnøy, delte utvalet seg like godt på midten til fordel for Fogn med eit knappast muleg fleirtal ,6 mot 5 røyster.,

Det høyrer også med til saka at halsnøydama og representanten Sissel Marie Bjerga frå Kr.F, sa seg innhabil i saka.

Det var leiaren for utvalet, Birger Hetland frå Senterpartiet som kom med forslaget om at Halsnøy var den rette plassen for å setja opp ei slik dagsturhytte. Saka kjem opp til behandling og uttale i neste møte i UMU, utval for miljø og utbygging i Stavanger.

  Bra med engasjement                             

Leiaren for utvalet, Rune Askeland MDG, legg ikkje skjul på at han har hatt mange telefonar og fått mange mailar frå både fognbuen og halsnøybuen.

 Rune Askeland (mdg)

- Dei har utvist stort engasjement og argumentert kraftig for kvifor akkurat deira øy bør velgjast som lokalisering for dagsturhytta.Det synest eg berre er positivt og viser at lokaldemokratiet fungerer, humrar den grøne politikaren som frå Øystese.

-Der er eg godt vant til at rivaliseringa var og framleis er stor mellom dei ulike bygdesamfunna langs  Hardangerfjorden.Og eg har fått sterke oppfordringar av både fognbuen og halsnøybuen om å koma på besøk for å sjå kor fantastisk flott dei har det på øya si. Og det tvilar eg ikkje på, legg han smilande til.

Grundigare vurdering

,-Eg trur likevel det er viktig at me i utgangspunktet sidestiller begge desse alternativa og tek ei grundigare vurdering på dei. Difor vil eg nok føreslå at me går ein ny runde og ser på begeg dei to alternativa. Det er ekstra viktig, sidan kommundelutvalet også delte seg på midten i denne saka, understrekar Askeland.

Publisert: