- Flott å få denne dama på sjøen igjen

Cato Østerhus var eit einaste stort smil då «Restauration» blei sjøsett på Åmøy fredag ettermiddag, etter halvtanna år på land. Nå skal skuta liggja til trutning over helga.

Cato Østerhus er eigar av "Restauration".||Klasseforskjel.|||||Flagget høyrer med.|To anker måtte på plass.|-Litt vatn, men mindre enn venta, konstaterer Cato Østerhus.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

ÅMØY: -Ho tek inn mindre vatn enn venta, var kommentaren til Østehus, etter sjøsettinga.,

-Korleis er det å sjå henne på sjøen igjen?

-Det er ein veldig gods følelse, det ei flott dame på sjøen. Nå kan me pusta letta ut og kosa oss resten av helga, seier Østerhus til Øyposten.

 To anker måtte på plass.

Det var eit stort oppbud både av "forvetne" og genuint interesserte då den svære heisekrana til Åmøy Havn forsiktig løfta "Restauration" av beddingen, og let henne sveva ned til sjøsettinga.

Skuta er malt og lakka etter alle kunstens reglar, og Cato Østrerhus sørga for å få prikken over i'en på plass: flagget i akterstevnen som vaia i vinden.

Det er tre-fire åpr sidan "Restauration" har vore i virksomhet, og det siste halvtanna året har ho lege på land i Åmøy Havn. Der er ho blitt grundig oppsjaina utvendig, og gjort klar til sjøsetting. Nå gjenstår ein god del arbeid innvendig.

 Flagget høyrer med.

I første omgang skal "Restauration" liggja forøyd ved Ustein Kloster Hotell, for at folk skal få ta henne i nærare augesyn. Men det er meininga at "Restauration" skal bli å sjå på fjorden i løpet av sommaren.

-Mer vurderer om me skal få henne klassifisert for passasjertrafikk, men det er ikkje avgjort endå, seier Østerhus.

 Klasseforskjel.

Han opplyser også at det er stifta venneforening for skuta, som alt har fått rundt 30 medlemmer i alderen 10 til 75. Mastra Sjøspeiderforening utgjer den yngre delen av medlemsmassen.

-Me ynskjer fleire velkomne som medlemmer, ikkje minst folk med papirer frå sjøen, seier Østerhus.

Den svære mobilkranen til Åmøy Havn sørga for skånsom transport av den 25 tonn tunge skuta. Det var elles ingen match for monsteret, som kan løfta heile 75 tonn.

Transporten frå kaien til sjøen gjekk smertefritt, og det same gjorde sjøsettinga. I klarværet og ettermiddagsola glinsa ho som ein strålande juvel blant alle plastbåtane i havna.

 -Litt vatn, men mindre enn venta, konstaterer Cato Østerhus.
Publisert: