Her er dei ivrigaste etter å fjerna piggtrådgjerder

Stavanger ligg på topp blant kommunane når det gjeld søknader om støtte til å fjerna gamle piggtrådgjerder.

Gammalt utrangert gjerde på Rennesøy, som skal til metallinnsamlinga.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

STAVANGER: Søknadane statsforvaltaren i Rogaland har fått inn så langt viser at Stavanger ligg øverst på lista, fylgd av Tysvær. Lista over søknader ser slik ut:,

Stavanger19
Haugesund1
Sandnes10
Sokndal1
Lund1
Bjerkreim1
3
Klepp1
Time1
Gjesdal3
Hjelmeland2
Suldal3
Tysvær14
Karmøy2
Vindafjord4
sum66

2021 har Statsforvaltaren inngått eit samarbeid med kommunane i Rogaland og bondelaga for å motivere gardbrukarar til å fjerne piggtrådgjerde. Prosjektet er kalla «piggfrie gardsbruk 2021». Målsettinga er å fjerne gamal og/eller ståande piggtråd i landbruket. Gardbrukaren blir honorert med tilskot og rabatt ved innkjøp av piggfri stålwire.

https://www.oyposten.no/2021/04/29/35-kilometer-med-piggtrad-kan-bli-fjerna/

Tilrådde kommunale satsar for fjerning er frå 10 til 15 kr pr. meter piggtråd alt etter terreng, tilgjengelegheit og om det er piggtråd i ulike høgdar. I tilskotssatsen er det tatt høgde for innkjøp og arbeid med å erstatte piggtråden med piggfri gjerdetråd. Det er også sett ein sats for arbeidstimar på 330 kr pr. time for person, og 600 kr pr. time for person med traktor. Dersom det blir gitt tilskot per arbeidstime fell tilskot pr. meter bort.

Gamal piggtråd kan gardbrukaren levere til ein gjenvinningsstasjon. Dei får då betalt marknadspris for innlevering av stål, satsen er om lag 800 kr pr. tonn.

Felleskjøpet Rogaland Agder gir 10 prosent rabatt ved kjøp av ny piggfri stålwire. Tilbodet er avgrensa til Rogaland, og gjeld ut 2021.

Publisert: