Slik skal framtida for små skular i øyane avgjerast

Kommunedelsutvala i både Finnøy og Rennesøy skal høyrast om den nye skulebruksplanen, og skulepolitikarane ventar spesielt engasjement frå Finnøy kommunedel. FAU på alle skulane vil dessutan få planen til uttale.

Oppvekstsenteret på Kalvaneset i Sjernarøyane har både skule og barnehage.|Ingvild Sørensen (mdg): - Meir spesialisert lærarutdanning kan tala for større skular.|Erlend Jordal (h): Kommunedelsutvala må høyrast i denne saka.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

STAVANGER:

Forslaget til skulebruksplan i Stavanger kommune reiser mellom anna spørsmålet om mellomtrinnet på Fogn, Ombo og Sjernarøy bør flyttast til Finnøy. Det kom ingen sterke synspunkt på forslaget då saka var oppe til første gongs politisk behandling i utvalet for oppvekst og utdanning i Stavanger onsdag.,

https://www.oyposten.no/2021/04/19/sjernaroy-ombo-og-fogn-kan-mista-5-6-og-7-klassingane/

Det blei frå fleire også understreka at det ikkje skulle leggjast sterke føringar for korleis planen bør bli, før han har vore ute på høring. Det kom også klare signal frå utvalet om at kommunedelsutvala må få god anledning til å uttala seg. Frå kommunedirektøren si side blei det påpeika at dette ikkje blei gjort då "gamle" Stavanger kommune skulle laga skulebruksplan.

-Men det er nytt reglement for dei nye kommunedelsutvala, og me vil ivareta dette på ein god måte, forsikra direktør Helen Ohm under møtet.

 Erlend Jordal (h): Kommunedelsutvala må høyrast i denne saka.

Både Erlend Jordal (h) og Frode Berge (ap) var blant dei som understreka at det er viktig at kommunedelsutvala, spesielt utvalet i Finnøy, blir høyrde.

-Til forskjell frå tidlegare planar har ikkje denne planen skapt uro eller blitt møtt med protestar, kommenterte Erlend Jordal, som likevel rekna med at forslaget om å flytta 5.-7. klasse på dei mindre øyane i Finnøy til sentralskulen på Judaberg ville vekkja debatt lokalt.

Under den korte debatten var det fleire som var spente på korleis dette blir motteke i Finnøy, blant dei Ingvild Sørensen (mdg).

 Ingvild Sørensen (mdg): - Meir spesialisert lærarutdanning kan tala for større skular.

-Gjennom spørsmåla som blir reist anar me kva veg kommunedirektøren ser for seg å gå til dømes når det gjeld mellomtrinna på Fogn, Ombo og Sjernarøy. Små skular kostar meir å driva, men store enheter er ikkje alltid best for elevar og lærarar, sjølv om det kan svara seg økonomisk. Samstundes har me ei utfordring med at lærarutdanninga blir stadig meir spesialisert, noko som kan tala for større skular for å få gode fagmiljø på skulane, sa Sørensen mellom anna.

Marie Ljones Brække (krf) meinte kommune i denne saka måtte lytta spesielt til innspela frå dei nye kommunedelane Rennesøy og Finnøy.

Publisert: