Skartveit er finalist i kåringa av Årets Gjestehavn

Heile 51 gjestehamner er føreslått i kåringa av Årets Gjestehavn 2021, men berre dei fem som har blitt nominert flest gonger går vidare til avstemming.

Nok ein gong er gjestehamna på Skartveit nominert som ein av dei beste i landet. Foto: Arkiv.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

HALSNØY:

Etter ei vurdering av alle 51 forslaga, er dette lista over finalistane i årets kåring. Og som lista viser er Skartveit i fint selskap:,

Bekkjarvik gjestehamn, Austevoll, Våge Hamn, Tysnes, Skartveit gjestehamn, Halsnøy, Oscarsborg gjestehamn, Drøbakk, Stavern gjestehavn, Stavern

Kåringa av Årets Gjestehavn er basert på lesarane av Båtmagasinet sine opplevingar og preferansar. Sjølv om kåringa ikkje er ei kvalifisering etter formelle krav, vil båthamnene likevel bli vurdert etter nokre grunnleggande kriterium. Men, det er fyrst og fremst lesarane som føreslår og stemmer fram kandidatane.

- Du kan trygt sei eg er litt i høg i dag. Dette er ein skikkeleg opptur i oppstarten av ny sesong, smiler Anita Ørnes ved Skartveit Gjestehavn.

Å bli nominert til årets beste gjestehamn er ingen ny oppleving for Ørnes og gjengen. I 2014 gjekk dei heilt til topps i konkurransen, og fleire gonger før det har dei vore blant finalistane.

- I fjor fekk me terningkast 5 av Dagbladet som skreiv om anbefalte norske gjestehamner. Det er sjølvsagt svært smigrande å bli lagt merke til og rekna med over heile landet.

- Kva betyr det å bli kåra til Årets Gjestehavn?

- Heider og ære, god reklame og ikkje minst eit fint flag som vaiar i vinden på kaia og som bekreftar statusen vår som Årets Gjestehavn. Med skriverier i landsomfattande presse er det mange som høyrer om oss, og som anbefalar oss til andre. Når det er sagt hadde me ikkje komme hit me er utan gode medarbeidarar og alle dei flotte ungdommane som er ein viktig del av teamet vårt, avsluttar Anita Ørnes, som legg til at det er plass til eit nytt flag på kaia.

Fram til 14.mai kan du vera med å stemma fram Skartveit Gjestehavn på batmagasinet.no.

Publisert: