Sissel Marie Bjerga gjer klar ein ny middag på Utsyn ved ein tidlegare anledning. Utsyn er blant dei lokale som får støtte til å avhjelpa følgene av smitteverntiltaka.
Sissel Marie Bjerga gjer klar ein ny middag på Utsyn ved ein tidlegare anledning. Utsyn er blant dei lokale som får støtte til å avhjelpa følgene av smitteverntiltaka. FOTO: Oddbjørg M. Måland

Mange lokale bedrifter kan få statleg hjelp

16 virksomheter i Finnøy er foreslått å få til saman 2,5 millionar kroner i statleg krisehjelp for å hjelpa dei over kneika som smitteverntiltaka har skapt.  Heile lista finn du her.

FINNØY-RENNESØY: Totalt er det 211 virksomheter i Stavanger som er foreslått å få del av den statlege krisepakka, av desse ligg 16 i dei to kommunedelane Finnøy og Rennesøy. Tildelingane skal  behandlast i ekstraordinært formannskap på fredag.

Serveringsbransjen

Ryfylkekokken As:    300.000 kroner

Tommys Catering As:  250.000 kroner

Skartveit Gjestehavn As:  250.000 kroner

Sjernarøy Maritim As: 250.000 kroner

Terjer Hidle: 250.000 kroner

Leverandørar til sterkt ramma bransjar

Ryfylke Livsgnist: 100.000 kroner

Hotell

Utstein Kloster Hotell As:  200.000 kroner

Reiseliv, transport, konferanse

Rødne Trafikk As: 200.000 kroner

L. Rødne & Sønner As: 200.000 kroner

Ramsvig Handelsstad As: 100.000 kroner

Helgøy Seafood Ole Johannes Landsnes: 100.000 kroner

Utsyn Misjonssenter: 100.000 kroner

Nesaren AS: 100.000 kroner

Olaug Juliane Furre: 100.000 kroner

Annan virksomhet

Tomarit Marit Meltveit Vignes: 50.000 kroner

Henrik Halleland: 50.000 kroner