Høyre vil mjuka opp naust-reglar, Ap i tenkeboksen

Høyre vil mjuka opp både praksis og reglar når det gjeld bøndene sin anledning til å byggja naust. Også Ap vil sjå på regelverket, men har ikkje konkludert.

|Anders Fjelland Bentsen (ap)|Hilde Karlsen (h).
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

STAVANGER: 

Høyres Hilde Karlsen meiner praksisen er for streng når det gjeld mulighetene for bønder til å søkja om naust.,

-Høyre synes praktiseringa av regelverket i dag er for strengt. Viss det er behov for naust for å styrkja næringsgrunnlaget på garden, bør det ikkje vera nødvendig å søkja om dispensasjon frå LNF-formålet. Her er praktiseringa av regelverket i dag for strengt, seier Karlsen, som også meiner det er fleire eksempel på at det har vore lettare for hytteeigarar å få bygd naust, enn bønder på øyane.

 Hilde Karlsen (h).

-Då er det ikkje mykje likebehandling, som Ap er opptekne av, meiner Karlsen.

Landbrukssjef Geir Helge Rygg meiner det er behov for å sjå på regelverket for naustbygging i forbindelse med den nye kommuneplanen. Kommuneplanen for Stavanger skal vedtakast neste år.

-Reglane er i dag for rigide, og Høyre vil sjå på både praksis og regelverk med tanke på ei oppmjuking, seier Karlsen.

Aps Anders Fjelland Bentsen forstår at reglane kan oppfattast som rigide.

-Ap vil gjerne sjå på problematikken i forbindelse med kommuneplanen.

-Er praksis og regelverk i dag for strengt, slik Høyre hevdar?

 Anders Fjelland Bentsen (ap)

-Det vil kreva eit større djupdykk, før eg kan svara på det. Det har vore nokre saker oppe, som er litt ulike, som det er vanskeleg å trekkja nokon konklusjon ut frå. Men me må i alle fall sjå på mulighetene for å gjera regelverket enklare, men samtidig forutsigbart og rettferdig, understrekar Fjelland Bentsen.

Publisert: