Dyretragedie i Sjernarøyane går verda rundt på Facebook

6000 gonger har innlegget til Birger Hetland om kua som døydde på tragisk vis, blitt delt på facebook. Folk ifrå heile verda har lest og kommentert innlegget på mange forskjellige språk.

Dette bilete vekker avsky over heile verda. Foto: Birger Hetland.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

SJERNARØYANE:

Det var påskeaftan at Birger Hetland fekk seg ei oppleving han seint vil gløyma. Ei av kyrne hans hadde fått i seg ein metallbit ifrå ein brusboks, og måtte bøta med livet. Same dag la han ut eit innlegg om den tragiske hendinga og ikkje lenge etter hadde folk i frå Chile, New York, Tennessee, Dublin, Nederland og Tyskland og mange andre stader lest om hendinga i Sjernarøyane.,

- Forferdeleg trist, men samstundes godt å oppleva at folk over heile verda bryr seg, det hadde eg aldri trudd. Eg tenkte gjerne at nokre bønder ville vera interesserte, men denne responsen er heilt overveldande. Det er bra at bodskapen kjem ut og at folk får sjå kva som skjer når tomgods kjem på avvege. Eg trur det må ei haldningsendring til blant folk for å unngå slike situasjonar. Det beste ville vore å auka panten såpass mykje at borna våre ville tykkja det er interessant å gå på butikken og panta boksane, fortel Birger Hetland.

Eit stort problem

Kua som døydde av skadane etter at ho fekk i seg den lynkvasse metallbiten fekk sin fyrste kalv for berre nokre veker sidan. Veterinæren skar opp kua innvendig og kunne raskt konstatera at det var ein skarp metallgjenstand i magen. Kua har mest sannsynleg ete ein bit av ein brusboks som har blitt kasta ut på eit jorde, og blitt med vidare inn i dyreforet, forklarer Hetland

Veterinær Konrad Norheim som behandla kua på garden til Hetland er fortvila over folk som kastar i frå seg øl- og brusboksar i vegkanten.

- Eg har ikkje tal på alle gongene eg har opna opp kyr ved mistanke om metallgjenstandar i magen. Diverre er dette eit aukande problem blant bønder. På landsbasis døyr 6000 kyr kvart år på grunn av dette. Når bøndene haustar graset og lagar rundballar, vert aluminiumsboksane kutta opp i små sylskarpe bitar og endar opp i foret. Aluminium festar seg ikkje til magneten som me prøver å fiska bitane opp med, dermed er det vanskeleg å få dei ut. Det er diverre sjeldan kyr som har fått metallbitar i magen overlever. Denne problematikken er tatt opp fleire gonger i veterinærforeininga i håp om å få større fokus på området, fortel Norheim.

Sympati frå heile verda

Det er ganske imponerande at hendinga hjå ein gardbrukar på Sjernarøy vert «snakka om» i store delar av verda, skriv Eva Bringeland i ein mail til Øyposten.

I kommentarfeltet på Facebook er det mange som fordømmer hendinga, og gir si støtte til Hetland. Nedanfor har me saksa nokre av dei:

- Jeg plukker ofte bokser og flasker, og det gjør meg så forbannet at folk fremdeles kaster sånt ute! Du har min største medfølelse!

- Fy så hemskt.

- Husk nu at tage de dåser med hjem, tænk på de stakkels dyr, tænk dig nu om næste gang du har dåser med i bilen.

- Shared in Wijchen, the Netherlands. We know these problems to in the Netherlands, because of people without brains...

- Dette skjer altfor ofte, folk tenker ikke pa at det kan komme i dyrefor med slike alvorlige konsekvenser, meget trist😪

- Hvor er vett og forstand?

Publisert: