Nystarta "12 i Økonomi" har etablert seg på Finnøy

Det nystarta rekneskapsselskapet, «12 i Økonomi» med tre tilsette, har nå etablert seg i Judaberg sentrum.

"12 i Økonomi" er det nystarta rekneskapsselskapet på Finnøy. Ståande bak Tolli Frestad, som dagleg leiar, og medarbeidar Solgunn Madland. Framme Ragna Nordbø.
Foto: Jon Asgaut Flesjå
  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:Det er mangårig rekneskapsførar, finnøybuen Tolli Frestad, som eigar og dagleg leiar. Der har han også fått med seg to tidelgare kollegaer, Ragna Nordbø og Solgunn Madland, som nye medarbeidarar.,Sjølv slutta Frestad som rekneskapsførar for ein del år sidan, og har den siste tida hatt ulike prosjektoppdrag innan økonomistyring og omstrukturering av bedrifter på Nord-Jæren. Nå seinast på Randaberg. Der vil han framleis vera engasjert i eit konkret prosjekt innan rekneskap og økonomistyring, to dagar i veka.,-Og det er nettopp dette med rådgiving og økonomistyring som vil bli ein viktig del av dei full digitaliserte tenestene me vil tilby kundane våre, påpeikar Frestad frå kontorstolen i dei tidlegare lokala til Grieg Seafood AS i Judaberg sentrum.,

-Var viktig å få styra kvardagen sjølv, og forma vår eigen strategi 

-Men kva er hovudgrunnen til at du nå valgte å starta for deg sjølv?,-

Det er i hovudsak to grunnar. Det eine er at eg gjennom dei ulike prosjektoppdraga eg har hatt dei siste åra, etter kvart såg at her låg det eit potensiale til å driva både med rekneskap og økonomirådgjeving gjennom eiga bedrift. I tillegg så hadde eg lyst å gjera dette på min måte, og forma dette sjølv slik eg ville frå dag ein. Men også det faktum at eg også privat nå kan styra min eigen arbeidskvardag gjennom å sjølv vera min eigen arbeidsgivar, var avgjerande for å få det til å gå saman privat, påpeikar Tolli. -Då valgte eg å ta steget heilt ut, og søkte etter to medarbeidarar. Når eg då er så heldig å fått med meg to så rutinerte og velkvalifiserte medarbaidarar som ho Ragna og Solgunn, med henholdsvis 18 pg 13 års erfaring frå rekneskapsføring bak seg, så er eg overbevist om at dette skal gå veldig bra, smiler Frestad.,

Han tek oss med lenger ut i gangen, der  Ragna Nordbø og Solgunn Madland har funne seg godt til rette på kvar sine lyse og relativt nye kontor med framifrå utsikt utover den gamle kaien på Judaberg.

,-Ja, her kan me fylgja med på alt det som skjer på "gamlekaien"  smiler dei begge, og medgir at også det å ha utsikt og kunne fylgja med på litt av det som skjer utanfor frå kontorvindauga også er ein viktig del av sjølve trivselsbilete.,-Og så er det veldig spanande å få vera med på å starta noko nytt, seirer Ragna.- For sjefen er veldig flink til å la oss få vera med på å forma det heile. Så me føler verkeleg at me blir lytta til, legg ho til.,-Så trur eg at det berre er sundt, og også heilt normalt i dag, at ein skiftar arbeidsplass av og til,  seier Solgunn.,S

purt om å fusjonering allereie

Frestad legg heller ikkje skjul på at det også tidlegare har vore interesse frå andre rekneskapsbyrå som ville etablera seg på Finnøy.-Så om ikkje "12i Økonomi" hadde etablert seg, ville nok andre ha gjort det, understrekar han og legg til;

- Hovudgrunnen til at det blei rekneskapskontor var helst erfaringane frå dei oppdraga eg fekk gjennom rådgjevingstenestene eg utførte. Dei gjekk meir og meir over til reine rekneskapsføraroppgaver. Dermed såg eg meg nødd til starta for meg sjølv for å unngå trøbbel med regelverket,og ville i utgangspunktet starta for meg sjølv heime.Responsen i marknaden blei likevel langt større enn eg hadde rekna med , og difor såg eg raskt at eg måtte søkja etter nye medarbeidarar. Og då var eg så heldige å få desse to dyktige og flotte damene med meg på laget, smiler Tolli tilfreds og ser bort på sine to nye medarbeidarar.

Publisert: