Iren skal ta mot 454 søte, små

Iren Vestersjø Hidle er hekta på sau. Denne våren skal ho ta mot fleire hundre lam på garden på Nord-Hidle, og då det var dags for gromsauen å dra frå denne verda, blei det ikkje med slaktebilen.

Iren Vestersjø Hidle i sauehuset sitt på Nord-Hidle, kor ho ventar over 450 lam denne våren.|Iren Vestersjø Hilde legg sjela si i sauehaldet på garden.||||Passeleg pynt på "hybelen" til Iren Vestersjø Hidle i sauehuset.|Utmerkingar er det også blitt.|Her bur Iren Vestersjø Hidle i to månader under lemminga.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

SJERNARØY:

Rett innanfor døra til det moderne sauhuset på Nord-Hidle, ligg "hybelen" til Iren Vestersjø Hidle.,

Det her ho bur meir eller mindre heile tida dei to månadane lamminga varer. Rommet er koseleg innreia med sofa, seng, salongbord, kjøleskap og komfyr. Her går det absolutt an å leva, så lenge fødselsveene dominerer i saueflokken i naborommet.

 Passeleg pynt på "hybelen" til Iren Vestersjø Hidle i sauehuset.

Stikk du tilfeldigvis hovudet inn, er det ingen tvil i kva det går i. Det er gardiner med sauemotiv, puter med sauemotiv, bladet "Sau og Geit" på salongbordet og sauefigurar i alle fasonger over alt. Til og med kjøleskapmagnetane har også dei små firbeinte som motiv.

Iren Vestersjø Hidle er med andre ord ganske "hekta" på sau, og det har ho vore heilt frå ho var lita jente heime på Ombo. Då ho kom heim frå skulen med bussen hoppa ho ofte av hos naboen, Gustav Aukland, for å sjå om sauene hans hadde fått lam.

 Her bur Iren Vestersjø Hidle i to månader under lemminga.

Prikken over i'en, vil kanskje andre sauebønder meina, var då ho måtte skilja seg med gromsauen for ikkje så lenge sidan. Spelsauen hadde blitt 13 år, hadde fødd mange lam, og hadde på alle måtar gjort jobben sin.

Men i staden for bare å senda den snille, gamle søya avgarde med slaktebilen, tilkalla ho veterinæren som gav henne ei sprøyte som avslutta livet.

-.Det er nok dei som ristar på hovudet av meg, men eg tykte ho fortente å få døy heime, seier Iren Vestersjø Hidle til Øyposten.

Og slik blei det.

Inne i sauefjøset er det 210 søyer av fleire rasar som skal lamma, men med hovudvekt på vanlege kvit norsk sau og spelsau. Men det finst også sørafrikansk dorper, verneverdig fuglestadbrogete, pelssau og blæsete.

 Utmerkingar er det også blitt.

-Det blir meir interssant slik, seier ho.

Då Øyposten var innom sist veke venta Iren Vestersjø Hidle lam nummer 200, og er dermed knapt halvvegs i lamminga, som pågår både natt og dag. Men oftast om natta. Difor må ho vanlegvis opp to ganger i løpet av natta for å sjå korleis det går.

Ifølge ultralyden, som blant sauebønder bare blir omtalt som "scanning", kan ho venta seg 454 lam denne våren. Det betyr ein vaksen saueflokk når lemminga er over ein gong i mai  på godt over 650 dyr. Og når sommaren stundar til planlegg ho i år å ta seg fri får gardsarbeidet nokre veker, gjera bymenneske av seg og jobba i pakkeavdelinga på Nortura på Forus.

- Det gjorde eg i fjor, og det var ei kjekk avkopling, seier Iren Vestersjø Hidle, som også er styremedlem i Rogaland Sau og Geit, sauebøndene sin medlemsorganisasjon.

Den travle sauebonden på Nord-Hidle har med andre ord nok å henga fingrane i, men skundar seg å leggja til at ho får god hjelp av familien i sauefjøset.

Iren Vestersjø Hidle fører nøye oversikt over saueflokken sin, og har alle data notert. Det svarer seg godt, meiner ho, for då kan ho blinka ut og satsa på dei beste søyene. Eit lite, men viktig - og også ganske sjeldan - tilleggsmoment er dessutan at ho har navn på alle sauene. Det vil seia dei rundt 90 spelsauene, men også fleire av dei andre.

 Iren Vestersjø Hilde legg sjela si i sauehaldet på garden.

-Det gir meg eit nærare forhold til dei, for alle av dei har sine særtrekk og personleghet, seier ho og peikar kjapt ut eit par søyer på Øysposen si oppfordring.

-Det er Kinny, og det er Wilma, og den der er Frøya, seier Iren Vestersjø Hidle. Navnevalga er ikkje heilt tilfeldige, og er som regel kalla opp etter mødrene sine, for lettare å plassera dei.

-Den der heiter Alma, den tilhøyrer svigerdotter mi. Det er viktig med ei litra gulrot for å føra interessa for sauehaldet vidare til neste generasjon, avsluttar Iren Vestersjø Hidle.

Publisert: