Finnøybu lever godt med nytt hus, kloss i Øyfast-åpninga

Askild Eggebø kjøpte hus på Finnøy og bygde på kloss i tunnelmunning til Øyfast, utan at det har tatt nattesøvnen frå han.

Øyfast er planlagt å få tunnelinnslag i bakken like ved huset til Askild Eggebø.|
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY: -Eg har sagt til kona at me er flytta til Hesby, lenge før Øyfast blir åpna, seier Eggebø med glimt i auga.,

Hesby i denne samanhengen, er ei omskriving av kyrkjegarden på Finnøy.

For huset han og kona flytta inn i for eit par månader sidan, ligg kloss i det som skal bli tunnelinnslaget til den armen av Øyfast som skal gå nordover til Sjernarøyane og Ombo.

Då han søkte om å få byggja på huset frå 60-talet, oppdaga han at tunnellåpninga til Øyfast var planlagt vegg i vegg med huset han. Planen er nemleg at vegen til Øyfast, på Finnøy, skal gå over markene framfor huset, og enda i ei tunnelåpning i bakken få meter frå husveggen.

Dermed kom det innvendingar frå kommunen, og saka havna hos fylkesmannen, nå Statsforvaltaren. Og beskjeden derifrå var: Bare bygg, Øyfast blei ikkje nemnt med eit ord, ifølge Eggebø.

Difor kan han nå ynskja Øyposten velkommen i ei lys og lekker stove, teikna av arkitekten Eirin Nordbø frå Finnøy, og med ein storslått utsikt til Finnøyfjorden, øyane og fjellheimen bak.

-Det blei eit tilbygg med garasje under i staden for å begynna å plukka på det gamle, for det visste me aldri kor ville enda, seier Eggebø. Huset han fekk tilbod om å overta, er nabo til bruket hans på Hauskje.

Sjølv om Øyfast skulle bli ein realitet, noko han har sterk tvil om, trur han ikkje at trafikken vil bli særleg til sjenanse. Uansett trur han det blir så lenge til, at det ikkje er hans eller kona sitt problem.

-Den største nedturen for Øyfast var då fognbuen vraka planane om brufobindelse til fisterøyane og Halsnøy. Alt låg til rette for at dette ville bli vedteke i fylket, men krefter på Fogn benytta alle kontaktar og gjorde alt dei kunne for å torpedera prosjektet. Dermed skrinla fylket heile greia til slutt. Det var eit stort tilbakeslag for samferdsla i Ryfylke. Hadde ikkje det skjedd ville det sett mykje lysare ut for Øyfast, og kreftene kunne blitt konsentrert om å skaffa ein fastlandsforbindelse nordover, er Askild Eggebø si klare oppfatning.

Publisert: