Påskebasaren innkasserte 80 000 kroner til idrettslaget på Fogn

Og pengane, dei skal brukast til glede for fellesskapet på øya.

Slik såg det ut i studio under direktesendinga av påskebasaren på Fogn påskeaftan. F.v: Anders Sandanger, Julie Bø, Øyvind Sandanger og Jakob Bø. Jørgen Bø tek armhevingar på direkten. Foto: Håvard Østhus.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FOGN:

Sluttresultatet enda på heile 80 600 kroner.,

- Det er berre påskebasaren 2019 som slår dette resultatet, då kom det inn 88 000 kroner. Det er sjølvsagt heilt fantastisk og me er svært takksame ovanfor alle som har donert gevinstar og alle som har teke lodd, seier leiar i idrettslaget, Jakob Bø til Øyposten

Basaren på Fogn er meir enn berre ein basar, det er ein sosial aktivitet som skapar stort engasjement, blant fastbuande og hyttefolk. I år føregjekk alt på idrettslaget si facebookside.

- All aktivitet rundt påskebasaren er viktig, spesielt i desse tider når me ikkje kan møtast fysisk og ha basaren utanfor butikken slik tradisjonen har vore i alle år. Situasjonen me står i har gjort oss ekstra kreative. Spesielt har dei lokale variantane av populære underhaldningsprogram på fjernsynet vore suksess. Årets program var Maskorama som me hadde spela inn på førehand. Svært mange let seg riva med og stemte og kommenterte. Også direktesendinga ifrå studio under sjølve trekninga var det mange som fekk med seg påskeaftan, smiler Bø.

Publisert: