Digital kyrkje-påske gjorde susen

Sjølv om kyrkjene ikkje var opne for ordinære påskegudstenester var det likevel mange som nytta seg av dei smittevenlege alternativa.

Av dei verneverdige kyrkjene er det Hesby kyrkje som er hardast råka av forfall og treng mest rehabilitering, spesielt overflatebehandling på veggene.
Foto: Arkiv.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Årets påske var på ingen måte avvlyst, men den var flytta utandørs og digital.,

Som eit alternativ var viktige hendingar ifrå påskebodskapen illustrert med ei "påskevandring" utanfor kyrkjene i form av tekst, bilete og små oppgåver skrivne på plansjar. Det var fleire opne kyrkjer påskedagane, og det var digitale sendingar på nettet av song, talar og bibeltekstar som var spela inn på førehand

- Alt i alt er me nøgd med avviklinga. I den grad me kunne, føler eg me fekk formidla påskebodskapen gjennom dei tilgjengelege kanalane. Rundt 30 personar  tok turen innom dei opne kyrkjene i løpet av påskedagane. Mange var med på «påskevandringa» og mange fekk med seg gudstenestene heime ifrå stova. 500 hadde klikka seg inn på gudstenestene ifrå Fogn kyrkje langfredag, og 375 på 1. påskedag. Talane til sokneprest Terje Engstrøm blei sett av 105 personar og songen Og så kom morgonen som Unni Sæves Vignes og Asbjørn Sivertsen framførte 1. påskedag blei sett over 700 gonger, forklarer dagleg leiar i kyrkja i Finnøy, Heidi Bø Sangedal.

Publisert: