30 vil laga gode sommarminner frå øyane

30 søknader var kome inn til Stavanger kommune om å laga gode sommarminner frå øyane då fristen gjekk ut fredag. Av desse skal kommunen plukka ut fem som får 250.000 kroner kvar til å utvikla prosjekta.

Inger Hanne Vikshåland i Stavanger kommune er godt fornøyd med responsen..
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

STAVANGER:

-Me er veldig godt fornøyd med responsen, seier prosjektleiar Inger Hanne Vikshåland til Øyposten.,

Ho har bare rukke å ta ein rask kikk på søknadane.

-Det ser ut til å vera søknader som dekkar eit breitt spekter, både til lands og til vanns og digitalt og analogt, seier ho.

-Var det søknader frå øyane?

-Ja, det var det også, opplyser Vikshåland.

https://www.oyposten.no/2021/03/09/gir-250-000-kroner-for-gode-sommarminner-i-oyane/

Kommunen reknar med å ha sortert ut dei fem som skal bli med vidare rett over påske, og Vikshåland håpar på ein oppstart av prodjekta i begynnelsen av mai.

Både universitetet i Stavanger, Kolumbus, region Stavanger og Stavanger kommune blir med som mespelarar. Dessutan blir Nordic Edge med som samarbeidspartner. Nordic Edge er eit samarbeid mellom næringslivet, FoU-miljøer og offentlege aktørar, for å skapa verdiar, omstilling og fornying i bedriftene, og utvikla kvalitative og kostnadseffektive smartby-løysingar for og med byane.

Opplegget blir kalla Kvikktest, og er ein finsk ide som kommunen har kopiert.

Publisert: