Nå blir det orden på venterommet på Helgøy

Ein av våre lesarar har gitt uttrykk for at venterommet på ferjekaia på Helgøy er i ein slik forfatning at det ikkje lenger er kjekt å opphalda seg der.

Venterommet på Helgøy i Sjernarøyane.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

SJERNARØY:

- Eg har sakna det varme venterommet, spesielt i den perioden det har vore så kaldt. Det er så huffsig og kaldt at eg ser ikkje syn på å setta meg ned på benkene, difor går eg fram og tilbake i rommet for å halda varmen. Det er trist det skal vera slik, for me er mange som brukar venterommet, spesielt om morgonen, fortel Liv Torunn Tumert ifrå Sjernarøy.,

I fylgje Tumert er det verken varme på venterommet eller på toalettet kor det heller ikkje lenger er lys. I tillegg er den utvendige kledninga rundt vindauga i ferd med smuldra opp.

 Her trengst det ein innsats. Vinduet har synlege råteskader.

- Det er berre å beklaga. Det skal på ingen måte vera slik. Men ettersom klagen endeleg er plassert der den høyrer heime, er me på no og skal ordna opp så fort som råd. Etter å ha nøsta i denne saka ser eg at problemet oppstod allereie i november, utan at nokon har teke tak i det.

Det er diverre litt forvirring rundt kven som har ansvaret for vedlikehaldet, og difor har ikkje avviksmeldinga komme til rette instans. Det har seg slik at fylkeskommunen overtok ansvaret etter Statens Vegvesen (SVV) i samband med den nye omreguleringa, men det er framleis SVV som har ansvaret for driftskontrakten inntil fylkeskommunen overtek det fulle og heile ansvaret i august neste år, opplyser prosjektleiar i fylkeskommunen Tor Gabrielsen.

Publisert: