Mange vil på tur med trimpoengapp

Så langt har 110 lasta ned trimpoengappen, og 24 har byrja sanka poeng. Ein superentusiast har klart å samla 460 poeng på tre dagar.

Bandåsen på Ombo er ein av turane i trimappen og som gir mange poeng. Illustrasjonsfoto.  Foto: Ann-Mari Lindanger
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

For vel ei veke sidan skreiv me om Finnøy Frivilligsenetral som har teke initiativ til eit turkonkurransekonsept som skal motivera «vanlege» folk til å komma seg opp og ut på tur. Eigentleg skulle ikkje appen aktiverast før 1. mars, men ting gjorde at den blei klar til bruk allereie sist fredag.,

- At så mange har lasta ned appen og byrja sanka poeng 10 dagar før planlagd oppstart må jo tyda bra. Berre vent til appen blir endå meir kjent og ikkje minst til det blir vår i lufta, då trur eg for alvor at folk vil bli med. Eg trur nok at det å samla poeng kan virka motiverande for mange, spesielt for dei som ikkje er så «sjølvgåande», seier ein av initiativtakarane, leiar i frivilligsentralen, Ragnhild Valand.

Onsdag i denne veka skal Valand og dei to andre initiativtakarane Jostein Gard og Jon Asgaut Flesjå legga opp eit program for fellesturar med turleiar.

- Desse turane kjem ikkje til å ligga inne i appen, så her må ein fylgja med på heimesidene og facebooksidene til frivilligsentralen, innbyggartorget og Øyposten. Men turane som blir arrangert som fellesturar er henta ifrå turutvalet som ligg i appen, forklarer Valand.

Publisert: