Ber kommunen ikkje komplisera vatn til Dale

Jostein Eiane meiner spørsmålet om kommunen skal kosta vatn til Dale på Rennesøy,  ikkje må blandast saman med ei sak om vannforsyninga til heile Stavanger

Krf-politikar Jostein Eiane meiner kommunen ikkje må komplisera spørsmålet om vatn til Dale unødig.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Av Rune Nedrebø,

RENNESØY:

KrF-politikaren frå Sokn har engasjert seg for at kommunen skal bidra for å skaffa kommunalt vatnt til Dale på Rennesøy.,

I møtet i utvalet for miljø og utbygging onsdag var spørsmålet om vatn til Dale oppe som ein del av saka som omhandla vannforsyninga i Finnøy. Saka blei sendt tilbake for nærare utgreiing, mellom, anna når det gjeld kostnadane. Frp vil i tillegg ha utgreidd utskifting av alle vannrøyr eldre enn 70 år i heile kommunen.

-Saka om vannforsyning til Dale blei starta som ei enkeltsak, og bør vera det. Det er ikkje ynskjeleg at den blir ein del av eit omfattande sakskompleks som går på vannforsyninga i heile Stavanger kommune. Dette er ei avgrensa sak som ikkje dreier seg om store summar, seier Eiane til Øyposten.

Saka kjem opp i neste møtet i Rennesøy kommunedelsutval, og Eiane håpar at utvalet for miljø og utbygging vil behandla henne som ei separat sak og ekspedere henne vidare til formannskapet.

Publisert: