Rennesøy unge er delt om by eller bygd er best

10-klassingar i Rennesøy er delt i synet på om dei ser for seg eit liv på bygda eller i byen, då den engasjerte gjengen skulle diskutera framtida med utgangspunkt i Victor D. Norman-utvalet si distriktsmelding.

Benedicte Louise Murbræch frå Rennesøy og Emil Hodnefjell frå Mosterøy diskuteter framtida i kommunedelen.||Frsik diskusjon og delte meiningar om framtida i Rennesøy i klasse 10 A på Rennesøy skule.|
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

RENNESØY:

Til neste år skal du starte i vidaregåande, og etter det ønskjer du kanskje meir utdanning. Men kva skal til for at du etter ferdig utdanning skal kome tilbake til Rennesøy for å busetje deg?,

https://www.oyposten.no/2021/02/15/unge-vil-ha-jobbar-og-gode-forbindelsar-for-a-bu-i-oyane/

Kva er det viktigaste for deg? var blant spørsmåla klasse 10 A i Rennesøy skule skulle diskutera. Dette var nokre av konklusjonane for kva dei ynskjer i kommunedelen:

Betre kollektivtilbod:

Viktig for mange! Spesielt på kveldar og nattestid i helgene. Ein slags taxibuss-ordning blei foreslått. Bestillingsbuss der du kan bestille på Kolumbus-appen, og bussen går ved behov (eit visst antal passasjerar). Prisen må vera på bussnivå ikkje taxinivå. Det var også forslag om fleire direktebussar,og  at ikkje alle går innom Randaberg. Nokre foreslo også sjølvgåande bussar for kortare avstandar.,

Statleg støtte på kjøring til og frå jobb var også eit forslag

. Bensinpengar, eller eit beløp per kjørte kilometer.,

Gratis frakt av Takeaway-mat

. Ein utvida variant av «Foodora.»,

Meir belysning/gatelykter

på lokale veger.,

Fleire gang/sykkelstiar

Fleire samlingspunkt

. Kafe der nyetablerte kan treffast. Dette vil vera til god hjelp for folk som kjem utanfrå og skal etablera seg her. Noko à la Små Øyeblikk på Randaberg, og som ikkje berre serverer kebab og pizza.,

Stengte tunnelar i Rennfast.

Her må noko gjerast, dei er alltid stengt!,

Subsidiering av små gardsbruk

slik at dei kan drivast med forteneste.,

Ikkje sentraliser «kommunale» tilbod

som tannlege, bibliotek og legesenter,

Fleire lokale «happenings»

som kan setja Rennesøy på kartet. Som for eksempel Rennesøydag, ungdommen sin dag osv.,

Treningsstudio

. Det kan godt vera sjølvbetjent, for då blir det billegare.,

Fleire badeplassar

med stupetårn,

 

Sletting av studielån

for folk på bygda,

-Det var ein svært engasjert gjeng, som ikkje var vanskeleg å få på glid. Det er nok mange politikarspirer i klassen, seier lærar Geir Bø til Øyposten.

 Frsik diskusjon og delte meiningar om framtida i Rennesøy i klasse 10 A på Rennesøy skule.

Ifølge Bø var meiningane mellom dei unge delte om Rennesøy var å sjå på som som eit bygdesamfunn eller ein utkant av Stavanger by.

-Nokre ville ha alle godene i byen til Rennesøy, mens andre ville dyrka det landlege og syntes bygda er kul. Eg spurte også om kva dei ser for seg om 10 år, vil dei då bu i Rennesøy. Det var nok eit fleirtal som såg føre seg at dei ville slå seg ned i ein by, seier Geir Bø.

Publisert: