-Kanonbra opplegg for hurtigbåt-ruter

-Eit godt utgangspunkt, var reaksjonen då forslaget til korleis stor kutt i hurtigbåtrutene blei presentert for det felles ruterådet for øyane i Finnøy torsdag.

Arnstein Bøe  i Fogn Grendalag.|Irene Norheim frå Sjernarøy Vekst og Jan Sigve Eike frå Halsnøy Grendalag studerer ruteopplegget.|KrFs Henrik Halleland (t.v.), Øyvind Sandanger frå Fogn og Harald Wiig Bjørn-Nielsen frå Byre lyttar interssant på orienteringa om ruteopplegget.|Tomas Nesheim er sentral i Ryfylkeaksjonen2020.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY:

-Dette er kanonbra, seier Arnstein Bøe frå Fogn om ruteforslaget, som han og dei andre i det felles ruterådet fekk lagt på bordet torsdag kveld.,

Bøe synes det beste med forslaget er at Ryfylkeaksjonen2020, som er navnet på aksjonsgruppa som har jobba med forslaget, har klart å kutta frå dagens seks til fire hurtigbåtar, og likevel klart å oppretthalda eit bra rutetilbud.

Råflott med to kaiar

Også Jan Sigve Eike frå Halsnøy er positiv.

-Etter dette opplegget får me faktisk fleire anløp enn i dag, seier Eike.

 Irene Norheim frå Sjernarøy Vekst og Jan Sigve Eike frå Halsnøy Grendalag studerer ruteopplegget.

Det er i første rekke noko lenger reisetid som dei to har av innvendingar mot opplegget, etter å ha skumlese det. Det er prisen for færre båtar, når det ikkje skal kuttast særleg i anløpa, meiner dei.

Etter Arnstein Bøe si oppfatning er det bare "minuttjusteringar" som må til, men då må det også bli slutt på det han meinte var eit "råflott" opplegg med to anløpsstader på Sjernarøy.

-Ein kai på kvar plass må vera nok, enten Nesheim eller Helgøy, sa Bøe.

 KrFs Henrik Halleland (t.v.), Øyvind Sandanger frå Fogn og Harald Wiig Bjørn-Nielsen frå Byre lyttar interssant på orienteringa om ruteopplegget.

Nå skal opplegget studerast av ruterådet for øyane, for å prøva å bli samde om ei felles tilbakemelding. Då Tomas Nesheim presenterte opplegget torsdag kveld, var det stor enighet rundt bordet at det var eit klart mål å koma fram til eit felles standpunkt.

Jon Olav Runestad frå Fogn meinte det var prisverdig at Ryfylke er på ballen i denne saka, og ikkje bare overlet det framtidige hurtigbåtopplegget til fylket.

-Det bør også vera enklare å samordna ferje- og hurtigbåtruter nå, når begge deler er underlagt Kolumbus, blei det sagt.

Vil unngå alles kamp mot alle

Tomat Nesheim understreka sterkt at det har vore viktig for aksjonsgruppa å unngå at "kaiar blir sett opp mot kvarandre".

 Tomas Nesheim frå Ryfylkeaksjonen2020 orienterte om det nye opplegget dei foreslår.

Ifølge Nesheim vil opplegget langt på veg spara dei 40 millionane som fylket har signalisert må kuttast.

-Me er ikkje heilt i mål, men ikkje langt unna. Me vil i alle fall kunna spara rundt 30 millionar kroner, sa han, og la til at det foreslåtte kuttet etter hans meining er "krisemaksimert".

-40 millionar kroner utgjer under seks promille av fylkesbudsjettet, opplyste Nesheim, som reknar med å ha brukt minst 100 timar på å snekra ruteopplegget. Det har han gjort saman med Kristen Helgøy, som også er med i aksjonsgruppa, og som etter han oppfatning difor skal vera godt forankra.

-Dette er også eit opplegg som andre ryfylkekommunar kan gå for, sa Tomas Nesheim.

Publisert: