Statsforvaltaren vil dra inn og sjå på Bokn-naustet

Folk frå Statsforvaltaren i Rogaland, tidlegare Fylkesmannen, vil dra på befaring til Sør-Bokn for å sjå på naustet til Jan Bokn.

Naustet på Sør-Bokn.
  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

SØR-BOKN:

Etter at politikarane i Stavanger kommune samrøystes vedtok at naustet til Jan Bokn på Sør-Bokn bør få stå, blei vedtaket anka inn for Statsforvaltaren av ein hyttenabo.,

I følgje seniorrådgjevar Erik Thomsen hos Statsforvaltaren i Rogaland er det i saka spørsmål om kommunen kan gje løyve til eit byggjetiltak som Statsforvaltaren tidlegare har avslått. Statsforvaltaren har difor bedt Kommunal- og moderniseringsdepartementet om ein generell vurdering når det gjelde dette spørsmålet.

https://www.oyposten.no/2020/09/17/jan-bokn-vann-fram-med-naust-klage/

- Før helga fekk me eit svar frå departementet kor det på generelt grunnlag blir svara at det kan kommunen gjera, viss det ligg føre nye opplysningar eller nye forhold i saka som ikkje var kjent då fylkesmannen behandla saka første gang, opplyser Thomsen.,

-Kva skjer nå?

-Me vil nå vurdera saka i lys av departementet sitt svar, noko me ikkje har begynt på ennå. Før me gjer det vil me truleg ta ein tur til Sør-Bokn for å sjå på naustet. Om det bare blir ein besiktigelse eller ei synfaring med partane til stades, har me ikkje avgjort. Men det kan vera at partane får anledning til å bli med, opplyser Thomsen, som håpar at det skal vera mulig å få saka ferdig behandla i løpet av ein månads tid.

-Er dette ei vanskeleg sak?

-Ja, men vanskelege saker er ikkje noko ukjent hos oss. Me har fleire av dei. Det er dei avvegingane som må gjerast i denne saka som gjer henne vanskeleg, seier Erik Thomsen.

https://www.oyposten.no/2020/12/01/kommunedirektoren-vil-avvisa-klagen-pa-bokn-naustet/

Publisert: