Samferdselstoppar tar hurtigbåtkaiane føre seg

Fylket sine samferdselspolitikarar og ruteplanleggjarar reiste fredag på rundtur i Ryfylke for å setja seg inn i hurtigbåtmønsteret i området før dei går i tenkeboksen om framtida for hurtigbåten.

Samfredselpolitikarar på tur i Ryfylke fredag for å sjå på hurtigbåttilbudet. Frå venstre Svein Erik Indbjo (frp), Ole Ueland (h), leiar i samferdselsutvalet Alexander Rügert-Raustein (mdg), Tom Kalsås (ap), Kjartan Alexander Lunde (v), Solveig Ege Tengesdal (krf) og Jarle Bø (sp). |Jarle Bø og dei andre samferdselspolitikarane fekk treffa saudaordførar Asbjørn Birkedal i snøværet i Sauda.|Samfredselpolitikarar på tur i Ryfylke fredag for å sjå på hurtigbåttilbudet. Frå venstre Svein Erik Indbjo (frp), Ole Ueland (h), leiar i samferdselsutvalet Alexander Rügert-Raustein (mdg), Tom Kalsås (ap), Kjartan Alexander Lunde (v), Solveig Ege Tengesdal (krf) og Jarle Bø (sp).
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

RYFYLKE:

-Til meir me set oss inn i dette, til vanskelegare blir det å gjera endringar. Hurtigbåtrutene i Ryfylke er trimma og bearbeidd gjennom mange år, og er blitt til eit finmaska og innfløkt rutemønster som det ikkje er lett å gjera om på, seier fylkespolitikar og randabergordførar Jarle Bø (sp) til Øyposten.,

 Jarle Bø og dei andre samferdselspolitikarane fekk treffa saudaordførar Asbjørn Birkedal i snøværet i Sauda.

Bø legg likevel til at han og partiet hans vil kjempa for at Ryfylke fortsatt skal ha eit godt rutetilbud.

Turen til Ryfylke gjekk først med rutebuss til Rennesøy, kor det var leigd inn buss til Finnøy og Judaberg der delegasjonen frå fylket hadde leig hurtigbåt vidare til Sauda. På returen er planen at dei skal innom fleire hurtigbåtkaiar i området før dei endar i byen seint fredag kveld.

https://www.oyposten.no/2020/12/08/tau-eller-judaberg-kan-bli-knutepunkt-for-hurigbatenn/

-Det har vore ein god og viktig runde, men det kjem til å bli seine kvelden før me er heime, seier Sp-politikaren.

-Har de hatt tid til å snakka med folk?

-Ja, me har truffe nokre på turen. Men framover kjem me til å ha tett kontakt både med hurtigbåtaksjonen og berørte kommunar, seier Jarle Bø.

Publisert: