Ein framskunda første ferjeavgang kan løysa fleire floker

Viss første ferjeavgang i rute 1 om morgonen frå Judaberg til Fogn blir framskunda med 20 minutt, vil seinare avganger passa mykje betre både for pendlarane frå Fogn og for korrespondansen mellom dei to ferjene på Ombo.

Ferjeavgangen frå Fogn om morgonen skapar problem for pendlarane.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY:

Det er ein av Øyposten sine lesarar som har kome med innspelet. Viss første ferja går frå Judaberg til Fogn 05.25 i staden for 05.45, som i dag, vil det ordna mykje. Forskyvinga vil bety at neste avgangen frå Fogn til Judaberg  i rute 1, vil gå frå Fogn klokka 07.00. Då vil det vera godt med tid til å nå arbeidsdagen på sjukeheimen som begynner klokka 07.30.,

Denne framskundinga av første avgangen vil også ha betydning for korrespondansen over Ombo frå Fogn, Judaberg og Halsnøy. I dag er første muligheten til å koma vidare med ferje denne vegen frå Skipavik ikkje før 14.20.

Viss avgangane blir framskunda med 20 minutt vil ferja frå Judaberg kunna vera på Eidsund 07.50, og dermed er det 20 minutt til avgangen frå Skipavik. Slik rutene er i dag er ferja på Eidsund 08.10, samtidig med at ferja går frå Skipavik. Også neste rute frå Judaberg til Eidsund om morgonen vil då korrespondera med ferja frå Skipavik. Ved å framskunda avgangen med 20 minutt, vil den vera på Eidsund fem på halv ti, mens ferja får frå Skipavik 09.50. Då er 25 minutt mellom dei to ferjene. Slik ferjerutene er i dag er det bare fem minutt, og dermed umulig å nå for bilistar som kjører i land frå ferja på Eidsund.

Ferjeruta som lesaren foreslår ser slik ut:

Frå Judaberg               05.25

Fogn                           05.40

Frå Fogn                     05.40

Judaberg                     05.55

Helgøy                        06.20

Frå Helgøy                  06.20

Judaberg                      06.45

Fogn                            07.00

Frå Fogn                      07.00

Judaberg                      07.15

Halsnøy                       07.35

Eidsund                        07.50

Hidle                            08.02

Helgøy                         08.15

Frå Helgøy                   08.20

Judaberg                       08.45

Frå Judaberg                 08.50

Halsnøy                         09.10

Eidsund                         09.25

Helgøy                           09.45

Etter dette kan ein velje om ein vil forsetje og endre rutene utover dagen eller å ta ein pause på inntil 20 minutt for å koma inn i dei rutene som er.,

 

Publisert: