Øyposten satsar: Ny journalist i Rennesøy

Øyposten satsar i Rennesøy. Terese Torgersen begynner denne veka som journalist i avisa med Rennesøy som spesialområde.

Terese Torgersen er ny journalist i Øyposten med ansvar for å dekka det som skjer i Rennsøy. (Foto: Rune Nedrebø)
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Av Oddbjørg Måland,

RENNESØY:

-Eg gledar meg til å skriva om Rennesøy, det er mykje kjekt og interessant som skjer der, seier randaberg-jenta om den nye jobben sin.,

Foreløpig skal ho dela jobben med Randaberg24, som også Øyposten eig. Det betyr at ho kjem til å bli fast gjest på Rennesøy to dagar i veka, tysdag og torsdag.

-Tilsettinga av Terese betyr at Øyposten satsar i Rennesøy. Målet er å ha gode nyheter frå kommunedelen kvar dag, seier eigaren av Øyposten, Stephan Dickinson.

Terese Torgersen har ein allsidig bakgrunn som journalist både frå Bygdebladet i Randaberg, frå Aftenbladet og nå sist frå avisa Hitra-Frøya.

-Der hadde eg stoff om unge vaksne som spesialfelt, og kjem til å ha eit særleg blikk mot dette også i Rennesøy. Men eg er interessert i alt som skjer i kommunedelen, både store og små nyheter, understrekar ho.

32-åringen er forøvrig ingen nykommar i Rennesøy. Då ho jobba i Bygdebladet i Randaberg mellom 2014-2016 skreiv ho mykje om det som skjedde i det som den gong var Rennesøy kommune. Terese Torgersen har utdanna seg innan journalistikk i Los Angeles USA.

Redaktør Rune Nedrebø i Øyposten er glad for styrkinga av staben.

-Rennesøy er eit viktig satsingsområde for Øyposten. Me har alt ein god del lesarar i kommunedelen, og ynskjer fleire. Målet er at rennesøybuen også skal sjå på Øyposten som si avis, slik finnøybuen gjer i dag. Når dei to kommunedelane nå har gått saman inn i den nye kommunen, er det desto viktigare å ha eit felles talerøyr, seier Nedrebø.

Publisert: