Full politisk oppbakking lokalt for Furre-navnet

Eit samrøystes kommunedelsutval i Finnøy meiner Furre-garden på Sjernarøy må få behalda navnet sitt.

Furre må vera navnet, meiner kommunedelsutvalet, og nå også dei folkevalde i Stavanger. (Foto: Rune Nedrebø)
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY:

Navnesaka har vore ute på høyring, og då det tysdag var kommunedelsutvalet sin tur til å seia si meining blei det samrøystes vedtatt at namnet må bli Furre.,

Det var Ottar Sandanger (ap) som sette fram forslaget på vegne av sitt eige parti, Fnb, Sp, SV og Rødt.

Bølgene har gått høgt etter at Statens Kartverk landa på at den rette skrivemåten måtte vera Fora. Kommunedelsutvalet har tidlegare gått inn for Fåra, men i går gjorde utvalet ein snuoperasjon.

-Det har vore grassat mange tilbakemeldingar om at navnet er Furre, opplyste leiaren i utvalet, Birger W. Hetland (sp) under møtet.

Det er grunneigar Johnny Johannes Furre som har klaga på namnevalet til Kartverket, og saka går nå til vidare politisk behandling i Stavanger kommune neste veke før Språkrådet og Kartverket ser på saka på ny.

Finnøy kommune vedtok i 2019 vegnavna Fåramarka og

Fåravegen, noko fekk Språkrådet til å sjå nærare på saka for å avklara skrivemåten. Stavanger kommune har hatt saka ute på høyring, og fått nærare 30 tilbakemeldingar. Både fastbuande, fråflytta, hyttefolk organisasjonar og historie- og språkinteresserte har sagt si meining

"Det er gjennomgående i tilbakemeldingene en motstand mot skrivemåten Fora. Dette

oppleves blant annet unaturlig, fremmed, oppdiktet og kunstig. For noen er det samme om,det blir Furre eller Fåra, så lenge Fora tas bort. Noen mener at Furre gjelder folkene, altså,etternavnet, mens Fåra er plassen. Noen bruker Furre om gården, men Fåra på,naturnavnene (Fåranibba, Fårasundet etc). Dette bekreftes også av Finnøy historielag.,Det store flertallet av tilbakemeldingene går likevel på at det er skrivemåten Furre som er,den «riktige»", skriv kommunedirektøren mellom anna, og stiller seg åpen til navnevalet.

Publisert: