Ryfylke vil reisa på like vilkår med byen

Ryfylke har dyrare månadskort enn i Stavanger-området, og barn under seks år får ikkje reisa gratis med båt slik dei får på buss. Dette er nokre av punkta hurtigbåtaksjonen i Ryfyfylke tek opp i eit brev til fylkesordførar Marianne Chesak, gruppeleiarane i fylkestinget, Kolumbus og fylkesrådmannen.

Hjem-jobb-hjem ordninga har forsterka behovet for å ha ei langt meir tilpassa pendlarrute frå Finnøy til Stavanger, meiner Henrik Halleland frå Kr.F.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY: Under overskrifta "Harmonisering av takstsystemet", krev Ryfylkeaksjonen2020 at Ryfylke får eit kollektivtilbud på linje med resten av Rogaland.,

I brevet heiter det:

"Aktive bygder og variert næringsliv har behov for kommunikasjon internt og til fylkeshovudstaden. Verdiskapinga i denne delen av fylket er stor; vasskraft, stein- og mineralressursar, prosessindustri og havbruk. Vårt krav om gode hurtigbåtruter er for at me alle skal ha stabile forhold for arbeid og rekreasjon, turisme og utdanning.

Takstsystemet og harmonisering av dette:

-dyrare månadskort i Ryfylke enn sentralt

:,

Månadskorta sentralt, les rundt Stavanger, er billegare enn ute i distriktet. Viktig å få harmonisert prisane og få meir fleksible ordningar/billett-typar.

-få eins prissetting enten ein reiser med buss eller båt:

Reiser med buss eller båt eksempelvis frå Stavanger til Sauda, skal ha lik billettpris, og ombyttbare billettar

-dynamiske takstar, billegare midt på dagen og i midtvekedagane:

Stimulering av reiser på reisesvake tidspunkt for å auka talet på reisande

- born inntil 6 år fritt på buss, men ikkje båt, kvifor?

Eit gjennomgåande transparent system for all kollektiv trafikk i fylket må vera eit kortsiktig mål.

Med helsing

Ryfylkeaksjonen2020

Berit Fyljesvoll Haugsland      Øyvind Andersen        Kirsten Hellerdal Fosstveit

Ivar Andersen                  Tomas Nesheim                 Jan Sverre Grimstad

og

bygdelag, grende- og bygdautval, næringsforeningar og pendlargruppe som støttar aksjonen:

Sauda Vekst          Hellandsbygd Bygdautval        Suldal Vekst

Suldal næringsforening           Sandsgruppa        Øvre Suldal Grendeutval

Vinjar Grendautval                  Sand Grendautval          Erfjord Grendeutval

Jelsa Grendeutval          Hylsfjorden Grendeutval     Foldøy Fastbuarlag

Ropeidhalvøya Grendeutval     Jøsenfjorden Bygdaråd      Jøsneset Bygdaråd

Randøy Bygdaråd                    Hjelmeland Handels-og Serviceforening

Næringsforeningen sin Ressursgruppe for Ryfylke           Reisemål Ryfylke

Fister Bygdaråd             Nedstrand Bygdeutval             Vats Grendeutval

Imsland Grendeutval      Vikedal Grendeutval                Fokus Sandeid

Nedstrandsvekst             Sjernarøyane Bygdaråd           Ombo Bygdaråd

Halsnøy Bygdaråd         Finnøy Bygdaråd   Byre og Søre Bokn Bygdaråd

Berit Marie Hopland (Finnøy), Stavanger Høyre,    Helgøy v/Kristen Helgøy

Fogn Grendalag            Talgje Grendalag           Brimse v/Frode Ljosdal

Sør-Hidle v/Endre Bryn Hidlefjord                        Heng v/ Magne Rosså

Kvitsøy v/ Lars Kåre Pedersen          Pendlerane Sauda - Sand

Publisert: