Siddisar invaderte isen på øyane

Stavangerfolk i hopetall søkte ut til islagte vatn på Rennesøy og Finnøy søndag, etter at det einaste vatnet med skøyteis i Stavanger blei stengt.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

RENNESØY/FINNØY

: Dalestemmen på Rennesøy blei alternativet for familien Hetland frå Stavanger etter at parkvesenet søndag stengde Vannasen i byen for skøyting. Væromslaget natt til søndag hadde gjort isen der utrygg, og dei to einaste vatna kor det ifølge kommunen var sikker i, var Dalestemmen på Rennesøy og Lauvsnesvatnet på Finnøy.,

- Me har aldri vore her, det er kjempeflott her. Det er kjekt å oppdaga noko nytt, seier far Thomas og mor Kristin, som koste seg med bål og pølsespidding saman med sonen Albert.

Også på Lauvsnesvatnet på Finnøy var det folk som hadde tatt turen frå Stavanger. Her var det i løpet av natt til søndag kome fem centimeter snø, men det var rydda hockeybane og løyper på isen.

Publisert: