Utfordrande ferjekorrespondanse over Ombo til Hjelmeland-Nesvik

For dei mange hytteeigarane frå Finnøy og Halsnøy som etter kvart har fått seg hytte i Suldal , og som til vanleg nyttar sambandet Hjelmeland-Skipavik-Nesvik og såleis reiser over Ombo, har det blitt ein enno meir utfordrande korrespondanse etter omlegging i det nye Finnøysambandet.

Frå nyttår blir det mest 12 prosent billegare å reisa med ferjene. Foto: Arkiv
  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY: Det meiner i alle fall hytteeigar Audun Flesjå frå Finnøy.-Eg opplever faktisk dei nye rutene som enno meir utfordrande, og  me måtte i dag tidleg ta ferja frå Judaberg og inn til Helgøy, og deretter over til Eidssund på Ombo. Dette for å nå ferja på Skipavik kl.09.30. Det er heilt motsett av den ordinære ferjeturen me tidlegare tok via Halsnøy og så direkte til Ombo, og er såleis meir tidkrevjande.,Skulle eg og kona brukt det alternativet i dag, så ville me vera på Ombo akkurat på det tidspunktet ferja legg frå kai på Skipavik, legg Flesjå til.,-Rett nok så hadde me betre tid og slapp råkjøringa over Ombo , men eg må jo innrømma at me hadde nok venta ein litt betre korrespondanse når frekvensen mellom øyane elles er blitt så mykje betre etter omlegginga, understrekar han.,

  -Veldig bra ettermiddag-kveld

Svein Egil Skartveit på Halsnøy, som er produksjonsrådgjevar i Tine, er ein av dei som ofte nyttar seg av denne ferjestrekninga. Då både i jobbsamanheng og som hytteeigar på Gullingen i Suldal. -Det er faktisk slik at om eg skal på jobboppdrag i Hjelmeland og Suldal, så er det meir praktisk å først ta ferja til Finnøy for deretter å kjøyra heile runden om Stavanger og gjennom Ryfylketunnelen. Alternativet er å venta nærmare halvannan time på Ombo før neste ferje går. Eg har sendt brev både til hjelmelandsordføraren og Kolumbus for å påpeika dette, for eg ser at det nærmast er umogeleg å endra på avgangar i det nye Finnøysambandet nå. For berre små endringar her, vil få store konsekvensar. MEN, understrekar Skartveit. På ettermiddagen er det blitt langt betre. Så får me håpa at ting går seg til etter kvart både i det nye Finnøysambandet og over Jøsenfjorden, avsluttar han.

-Det kan kanskje liggja til rette for ei endring i rutene i Jøsenfjordsambandet når dei to nye ferjene kjem utpå vårparten, legg Audun Flesjå til. -For her skal det visst nok vera behov for meir "liggetid" i samband med lagring og etterfylling av straum. Det kan gi rom for ei betre tilpasning til avgangane i Finnøysambandet, håpar han.

Publisert: