Ga foreningspengane til vennine og sjukeheimen

I mest 50 år har dei fem venninnene Berta Sevheim, Aud Vignes, Gerd Rand Ladstein, Ingfrid Vestbø og Brit Handeland på Steinnesvåg samlast i forening. Der har dei samla inn pengar til fleire gode føremål, men også til eigne sosiale tiltak i venninnegjengen.

Dei pårørande Marianne Mjølhus, Margrethe Toft, og Jane Kirsten Cayeux er bekymra for kva det varsla driftskuttet vil bety for sjukeheimen.
  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY:

Men akkurat i år og nå før jul har dei fem blitt til fire operative medlemmer i foreningen.-Diverre så er det ofte slik at når ein kjem opp i ein viss alder, så byrja helsa å svikta. Slik har det diverre også blitt med mi kjære Brit, seier ektefelle Øystein Handeland.,

Han fortel at kona har vore plaga av Parkinsons sjukdom i nærmare tjue år nå, og at ho nå er så prega av sjukdommen at ho har blitt lagt inn på sjukeheimen på Judaberg.

-Det er sjølvsagt både tøft og utfordrande for ein som meg, som har hatt henne hjå meg i snart 60 år, seier Øystein.

- Difor blir eg så utruleg stolt og takknemleg, når desse fire flotte venninnene i staden for å dra ut å kosa seg sjølv nå før jul for det innsamla pengebeløpet i foreningskassa, heller gir pengane til "Haugetunet" på sjukeheimen for at mi kjære Brit og dei som oppheld seg der også skal unne seg noko ekstra før jul.

Eg blir heilt rørt av dette. Difor vil eg på denne måten retta ein stor takk gjennom lokalavisa for at desse flotte damene er så gavmilde og gledar både mi kjære Brit, og dei andre på "Haugetunet" på denne måten, avsluttar ein svært takknemleg mann og ektefelle, Øystein Handeland.

Publisert: