Vil ha med øyane i aksjon mot hurtigbåtkutt

Aksjonsgruppa som har starta i Suldal mot kutt i hurtigbåttilbudet vil prøva å samla heile Ryfylke til protest mot dei foreslåtte kutta i hurtigbåttilbudet. Første mål er fylkestinget i desember. 

Berit Fyljesvoll Haugsland frå Jelsa har starta aksjon mot kutt i hurtigbåttilbudet. (Foto: Privat)
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

JELSA:

-Me er mitt i ein anbodsrunde, og me føler heller ikkje siste ordet er sagt når det gjeld kuttet i statlege løyvingar til hurtigbåtane i Rogaland. Difor må fylkespolitikarane ha is i magen. Uansett må dei koma med eit alternativ før dei kuttar, det har dei ikkje gjort nå, seier Berit Fyljesvoll Haugsland til Øyposten.,

Det var NRK Rogaland som i dag kunne melda at det var starta ei aksjonsgrupppe med utspring i Jelsa mot kutt i hurtigbåttilbudet i Ryfylke.

Aksjonen er starta av Berit Fyljesvoll Haugsland, som opplyser at det foreløpig er bygde- og grendeutval i Suldal og Hjelmeland som er kontakta med tanke på å bli med.

-Men me har også kontaktar i Sauda, opplyser ho.

-Blir dette ein aksjon som først og fremst skal ivareta tilbudet i indre Ryfylke?

-Det starta her etter som det var me som i første rekke blei ramma i forslaget frå fylkesrådmannen.Men me har tenkt å involvera alle som blir berørte, og det er folk i gruppa som har fått i oppgåve å ta kontakt med øyane for å få med dei og. Me må prøva å unngå å setja bygdene opp mot kvarandre, seier Berit Fyljesvoll Haugsland. Det er også starta ei Facebook-gruppe mot kuttforslaga, "Hurtigbåten i Indre Ryfylkes venner", men Haugsland er innstilt på at gruppa skal skifta navn viss aksjonen kjem til å omfatta eit større område.

Publisert: