Oppstarten med pelinga til Helgøybrua blir utsett

Grunnen er at torsken gyter i sundet mellon Helgøy og Mosnes.

Arbeidet med pelinga av brua må venta til torsken er ferdig med gytetida. Foto: Google Map.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Den opphavlege planen var å starta pelinga i Helgøysundet i haust, men no er opstarten forskyve til gyteperioden er over i mai. Sjølv om anleggsperioden blir utsett, er det likevel god margin til brua skal stå klar, 29.april 2022. Anleggsarbeidet med vegane på begge sider går uavhengig av arbeidet med pelinga. Det skriv Strandbuen onsdag.,

- Det var nytt for oss at Helgøysundet er ein viktig gyteplass for torsk. Eigentleg trur eg ikkje det er så viktig heller, for når eg ser på kartet har det meste av Ryfylkefjordane fått ein farge som seier at her er ein viktig gyteplass, seier Håkon Helgøy til Strandbuen.

Publisert: