Finnøys svar på Johnny Cash klar med ny plate 37 år etter

Asbjørn Sivertsen frå Finnøy er klar med ny plate, 37 år etter at han sist festa noko til rillene. 10 songar med bodskap er det blitt, framført med ei malmfull røyst som bare Johnny Cash kunne kopiert.

Asbjørn Sivertsen er plateaktuell, 37 år sidan sist.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY

: Asbjørn Sivertsen er ein veteran i musikkmiløjøet på Finnøy, sjølv om det er lenge sidan han har vore plateaktuell.

,

I forbindelse med den nye plata har sambygdingane Geir Landa, Torolf Nordbø og Ingvald Løyning saman skrive denne historia om korleis prosjektet kom i stand:

"Ideen om denne CD-en blei til for fleire år sidan då Ingvald Løyning nemde for Geir Landa og Torolf Nordbø at det var på tide å gje ut ein CD- med ein av våre favoritt-vokalistar, nemleg kameraten vår Asbjørn Sivertsen. Me fekk så Asbjørn med på prosjektet.

For han var det naturleg å velje ut nokre engelsspråklege kristne songar frå dei artistane som hadde vekt musikkinteressa vår i ungdommen, og to norske songar med tilknytning til «Notlaget» og Finnøy. Asbjørn ville også ha med ein song av Åge Samuelsen som artisten Jan Groth hadde gjort kjend. (Jan Groth betydde noko spesielt for Asbjørn. Groth  slutta i den norske supergruppa «Aunt Mary» etter at han blei kristen og begynte med ein solo-karriere som kristen rockesongar.)  Asbjørn ville også ha med ein svensk song som Einar Ekberg gjorde kjend. Ekberg blei i si tid samanlikna med sjølvaste Jussi Bjørlind.

Tidleg musikkinteresse

Det var naturleg å velje Inge Engelsvoll til å leie prosjektet., Han er ein av Norges beste produsentar, arrangørar og musikarar. Forutan å drive studio har Inge turnert rundt i Skandinavia med bl.a. Carola og Morten Abel. Den dyktige gitaristen Kjell Rune Fjellheim har også vore med å løfte arrangementa. Geir har teke bileta og laga det fine coveret. Geir Landa og Ingvald Løyning var det som i si tid fekk etablert Kulturstaden «Otto-huset» på Finnøy  som arrangerer konsertar, kunstutstillingar e.t.c.

Asbjørn blei tidleg interessert i musikk. Interessa hans for Elvis og Jerry Lee Lewis smitta over på oss andre i venneflokken. Desse to artistane sat me og høyrde på i kjellaren til Geir Landa på vestsida av Finnøy. Andre artistar me høyrde på var Hank Williams, Jonny Cash, Creedence, Fats Domino, Willy Nelson, Kris Kristoffersen og Mungo Jerry. På ungdomsskulen begynte mange av oss i gjengen på gitarkurs. Asbjørn var eit sjølvsagd val då det nystarta rockebandet «Red Foxes» trong vokalist. Bandet var eit sjølvsagd innslag på dei mange elevkveldane me hadde.

Seinare turnerte bandet rundt på dansane i Rogaland under navn som «Universal Soldiers» og «Ragnarock».

Asbjørn slutta i dette bandet då han blei kristen i 1974. Då blei han med i det kristne rockebandet «Zendric», Orkesteret skifta så navn til «Midtre Ryfylke Spel og Notlag» og reiste rundt i Norge med sjølvlaga songar på nynorsk. Når bandet fekk platetilbud frå Kirkelig Kulturverksted måtte gruppa skifte ut det lange navnet med «Notlaget». Dei seks Rogalendingane i bandet reiste til Oslo i 1983 og spela inn LP-en «Midt i Stimen» I New York lydstudio der bl.a. Stavangerensemblet, Åge Aleksandersen og Bjørn Eidsvåg spela inn platene sine. Lydstudioet var på den tida kanskje det mest populære lydstudioet i Norge.

Sjelden stemmeprakt

Leiaren for dette kjende studioet sa om stemmen til Asbjørn at det var ein av dei desidert beste rockestemmane i Norge.

Erik Hillestad og Per Tveit var produsentar for Lp-en.

Då LP-en kom ut blei den presentert i aviser som Aftenposten, VG, Dagen og Vårt Land. Innslag med tre av låtane blei presentert og spela i «Ukeslutt» og mange andre radioprogram i Nrk.

Då dei ville ha med «Notlaget» på NRK sitt TV-program: «Tro og Liv» måtte Asbjørn reise aleine til Oslo og synge til singback. Han måtte også kjøpe ei lyseblå fløyelsbukse for å passe til scenografien i programmet. Det er visstnok først og siste gongen Asbjørn brukte denne buksa. Notlaget gav berre ut denne eine LP-en.

Asbjørn er busett på Finnøy der han har brukt songen sin både i kyrkje og bedehus   Han har vore mykje brukt som visesongar og korsongar og vokalist i Finnøy Kyrkjekor blant anna på ein CD-en som dei gav ut.

Den nye CD'en har kort og godt fått namnet "Asbjørn Sivertsen", har 10 spor med songar både av først nemnde Johnny Cash, Arne Nordbø og Arne Samuelsen, for å nemna nokre.

Publisert: