Leiar: Øyposten spelar fortsatt ei viktig rolle

Øyposten fyller 50 år denne hausten. Det er ein livskraftig 50-åring, konstaterer redaktøren, som hevdar at fleire saker i det siste har vist at avisa fortsatt har ei viktig rolle å spela.

Marilen Vågen frå Østhusvik er hos tannlegen i Vikevåg med dottera Frøya. Forslaget om å leggja ned tannlegetilbudet i Rennesøy var ei av sakene Øyposten var åleine om å løfta fram, og som nå ser ut til å kunna få eit anna resultat. (Foto: Rune Nedrebø)
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

LEIAR:

Øyposten fyller 50 år i haust. Det er all grunn til å feira og gratulera både lesarane og oss sjølv med jubileet. Ei god lokalavis er viktig for både identitet og rotfeste, og er ei oppgåve som me i Øyposten gjer vårt beste for å leva opp til kvar dag.,

Avisa sine grunnleggjarar, ingen nemnt og «ingen glemt», var framsynte folk. Øyposten var ei av dei første, små lokalavisene som såg dagens lys i Rogaland, og er ei av dei som har levd lengst.  Både Hjelmeland, Rennesøy og Bokn har mista sine i årenes løp.

For oss som jobbar i Øyposten er det ein stor inspirasjon å vita at Øyposten er ein kjærkomen gjest i mange postkassar i øyane, kvar torsdag. Den utgåva du i dag held i hendene nå er vår feiring av jubileet. I tillegg nyttar me også høvet til å markera at Stavanger kommune snart rundar eitt år,  eit minijubileum som passar godt inn vår eiga feiring.

Svært mykje har skjedd i øyane sidan Øyposten blei starta, som tidslinja inne i avisa viser, og som endar med at Finnøy og Rennesøy går inn i Nye Stavanger kommune.

Grunnlaget for at Øyposten fortsatt lever i beste velgåande blei lagt av flinke folk som Ivar Nedrebø, Tor Sveinsborg og Tarald Lauvsnes. Tarald Lauvsnes var den første redaktøren, og laga ei profesjonell avis som det fortsatt står respekt av.

Det er også med glede me ser at dei sakene Øyposten skriv om blir diskutert og kommentert, og – i all beskjedenhet – ser ut til å ha gjennomslag. I farten kan me nemna tre saker som Øyposten har sett på dagsorden, som den einaste, og som har gitt resultater:

Saka om å utstyra den nye ambulansebåten slik at han også kan fungera som brannbåt, forslaget om å flytta biblioteket i Vikevåg til det gamle kommunehuset og forslaget om å leggja ned tannlegetilbudet i Rennesøy.

Forslaget om å flytta bilioteket skapte ein storm i Rennesøy med godt over 500 protestunderskrifter, og blei fort droppa. Tannlegetilbudet kan bli oppretthalde, etter at styret i Tannhelse Rogaland snudde.  Kva som skjer med den nye ambulansebåten, om den vil få brannutstyr, er ennå ikkje avklart. Men saka er sett på dagsorden politisk som ein direkte følgje av oppslaga i Øyposten. Det er viktig, ikkje bare for brannberedskapen, men også for helsetilbudet i øyane og arbeidsplassane som er knytta til båten.

Øyposten vil gjerne vera eit talerøyr for både Finnøy og Rennesøy i den nye kommunen, og ser fram til gode år framover i nært samspel med lesarane i dei to kommunedelane. Kom gjerne til oss med dei sakene du er opptatt av, for me spelar fortsatt ei rolle.

Publisert: