Doktor Vestbø: Finnøy har endra seg - til det betre

Det Finnøy Eivind Vestbø kom til som distriktslege i 1974 har endra seg mykje, tykkjer han. Her trekkjer han fram tre eksempel.

Doktor Eivind meiner det er ei samfunnsplikt å la seg 
vaksinera. På den måten har me sjans å halda fram med den låge smitten i Finnøy.  (Foto: Rune Nedrebø)
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Av Eivind Vestbø,

«Enkle songleikar kan gå an, dog ikke tyven, tyven»

Sitatet er, slik eg hugsar det, frå merknader til skulen sitt læremateriell gjort av dåverande prest for nærare 50 år sidan. Sitatet havna i Dusteforbundet som  den gongen var ei populær humorspalte i Dagbladet.

Det var nok mange i Finnøy  som ikkje tykte dette var særleg morosamt. Men dersom Øyposten hadde hatt ei humorspalte i dag, ville sitatet glidd inn utan sjau. Det var heller ikkje  særleg stas då Finnøy blei kalla «Munkholmen» etter at Bethel-styret nekta ein munk å halda foredrag i bedehuset om tibetansk kultur.

Men dei sosiale forandringskreftene er sterke.  Då eg kom til Finnøy som distriktslege  i 1974 la eg snart merke til at då «detektimen» gjekk  på fjernsynet klokka 21 på fredag, kom det sjeldan telefonar til legevakta.

Film og kino, som var så forhatt av ein del,  var nå blitt heilt alminneleg i dei fleste heimar. Endå klarare blei det at noko hadde skjedd då det gjekk få år mellom at eg blei bedt om å skriva under på eit opprop mot folkedans som valfag i skulen,  til dei same  foreldra applauderte at ungane dansa jazzballett på 17. mai.

«Unikulturen» var på veg, og  polariseringa mellom «bedehusfolk» og resten minka. Eg er nok ein av dei som  meiner at dette er av det gode. Det  har styrka  fellesskapet og  identiteten øybuar mellom.  Ein lang praksis på legekontoret i Finnøy har også fått meg til å tru at det har vore bra for helsa.

Utviklinga  har likevel eit paradoks. Det er kanskje fleire konservativt kristne nå enn før, men utan at dette polariserer kvardagen slik som det gjorde. Ei god «løysing», slik eg ser det.

«Eg vil  ha resepten i handa- Vestbø»

I «gamledagar» var det mange eldre som ville ha resepten på papir.

Etter kvart skjøna er kva som låg bak. Då måtte dei gjera seg eit ærend til byen og kunne gå på kafe. Ikkje først og fremst i byen, men på ferja. Der traff dei sambygdinger av alle slag, legmann og lærd, alle aldrar, begge kjønn og med eit mangfald av meiningar.

Det var ei form for «tvungent samvær» til fellesskapet sitt beste som gjekk tapt då den lengre feriereisa til Stavanger blei borte. Det er rester igjen av dette fortsatt både på snøggbåtar og ferjer, men tunnellane har likevel hatt  sin sosialantropologiske pris. Eit gode kjem ikkje utan  biverknad.

«Eg vil så gjerne hjelpa - Vestbø»

Setninga var ofte å høyra i tillegg til sjukdomssnakk  i samtalen med pasientar. Eg meiner at dette symboliserer  «gull» (som Per Fugelli ville sagt det) i Finnøy kulturen.

Dugnadånd, frivillig arbeid, ansvar for naboen og for «dei svake», jobb og plikter; alt dette har stått sterkt gjennom den sosiale og kulturelle tidskverna.

Dette er verdiar vi må prøve å halda fast på sjølv den sosialpsykologiske effekten av å høyra til i eit mindre og tettare fellesskap nå er utfordra av storkommunen. Vi må prøva å stå imot gjennom eit «bydelsfellesskap» der vi tar vare på det beste i « gamle  Finnøy».  Jobben blir ikkje lett.  Øyposten er eit viktig reiskap.

Publisert: