Selvaag og Skeiseid klar med ny bok

Ryfylkekokken Frode Selvaag og Lisgnist’en Tor Øyvind Skeiseid er klar med ny bok, 10 år etter den forrige. «Jul i Ryfylke» heiter boka, trykt i eit opplag på 3000.

Frode Selvaag og Tor Øyvind Skeiseid er klar med ny bok. (Foto: Elin Engelsvoll)
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY:

- Eg har tenkt på ny bok lenge, men me fekk eit puff på grunn  av korona'en. Den gjorde både meg og Tor Øyvind bortimot arbeidslause, og me måtte finna på noko. Dermed blei det bok, seier Selvaag til Øyposten.,

Boka går ut i desse dagar, i god til før julehandelen.

-Det var litt spesielt å skriva bok om jul i 20 grader pluss om sommaren. Men skulle me bli ferdige måtte det bli slik, seier Selvaag.

Boka er todelt, kor den første delen inneheld historier og glimt frå Ryfylke knytta til jul. Den siste bolken inneheld oppskrifter.

-Me har satsa på velprøvde oppskrifter, og eg har brukt farmor mi Hildur Selvaag som konsulent. Eg håpar det blir ei skikkeleg bruksbok, gjerne med kladdemerke og feittflekkar, seier Frode Selvaag vidare.

Boka, som er på 240 sider, er utstyrt med kalender med tips om kva du kan gjera kvar dag i desember fram mot julafta. I reportasjedelen i boka har både Mikal "Mikals Laks" Viga og Magnhild Meltveit kleppa og søstera Marit Vignes fått plass, i tillegg til mange finnøybuar. Oppskriftdelen byd både på sau, gris, fisk og noko attåt pluss bakeoppskrifter.

-Dei sju sortane til jul er nok ein myte, det viktigaste er at kakene blir oppetne, seier Selvaag, som også er opptatt av å redusera matsvinnet.

-Det er veldig viktig, difor har eg tatt med ein del om restemat og korleis me kan oppbevara maten best mulig, avsluttar Frode Selvaag.

Publisert: