Høyre-kvinner set oppdrett og tomat på dagsorden

Høyres kvinneforum i Stavanger trommar saman til møte i Innbyggartorget på Judaberg om havbruk og moderne gartneridrift.

Oppdrett er peika ut som ei vekstnæring i Stavanger.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY:

Høyre-kvinnene tek konsekvensen av at Stavanger nå er blitt stor både når det gjeld gartneri og havbruk.,

Neste onsdag inviterer Høyres kvinneforum i Stavanger til møte i Innbyggartorget om dei to næringane.  Alle kvinner er invitert, ikkje bare medlemmer i Høyre.

På møtet vil Edle Skavland, tomatdyrkar som driv Skavland gartneri saman med Håvard Skavland, snakka om endringsvilje og korleis landbruk har gått fra å vera små familiebruk til store arbeidsgivarar. Ho vil også snakka om korleis dei vurderte investeringsrisiko og valgte å satsa. Edle Skavland er leiar for 60 fast tilsette sesongarbeidarar og driftar 26 dekar med veksthus på Talgje.

Vidare vil Inger Lise Schanche Rettedal, som driv Klostergården saman med Anders Schanche Rettedal på Mosterøy, snakka om  Klosterlam, frå å vera ein primærprodusent til å bli ein merkevareleverandør. Ho vil også gi sine beste beste tips til dei som vurderer å selja sine eigne produkt. Også Tove Sivertsen frå Ryfylke Næringshage blir med for å orientera om framtida for havbruk og Rogaland Havbrukspark og det som skjer der.

Publisert: