Finnøy-ungdom treng ein plass å vera

Bekymring på eit foreldremøte på Finnøy om at øyas unge «heng rundt» og ikkje har nokon stad å vera, har fått kommunen til å engasjera seg. 

Veninnene Nora Kveane Amdal (f.v.), Sophie Caraman og Ane Bergsvik Halleland trivst godt på Open Hall, både med aktivitet, samt drøs og avslapping.  Men det trengst eit tilbud ut over dette.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY:

Koronasituasjonen har gjort at det har dradd ut for kommunen å ta tak i problemstillinga, men nå kjem saka opp i ungdomsrådet og i sentrale politiske fora i kommunen. Mellom anna skal  Finnøy og Rennesøy inkluderast i ordninga "Opplevelseskortet". Opplevelseskortet er et fritidskort som blir tildelt av NAV etter gitte kriteriar, og som gir barn og unge adgang til kultur- og fritidsaktiviteter i sin kommune.,

Det blir også arbeidd med å finna aktivitetar i kommunedelane som barn og unge kan oppleva i nærmiljøet. Avdelinga for ungdom og fritid i kommunen har oppretta eit samarbeid med aktørar i i Finnøy med sikte på å utvikla fritidstilbudet. Uteseksjonen skal dessutan vera til stades på sentralskulen på Finnøy for å ha samtaler med elevar som måtte ønska det.

Fritidsavdelingen planlegg også eit møte med Innbyggertorget med sikte på å kartleggja behov, ønsker og nåverande tilbud for dei unge i heile kommunedelen, også på øyane utanom Finnøy.

"Arbeidet med å kartlegge behov og videreutvikle ungdomstilbud på Finnøy er i gang og vil være en prioritert oppgave videre", heiter det mellom anna frå kommunen.

Publisert: