Håpar "Restauration" set seil for New York i 2025

I 2025 er det 200 år sidan starskotet for utvadringa til USA med skuta «Restauration». Nå håpar den nye eigaren av dagens «Restauration» at skipet skal sigla inn på havna i New York i jubileumsåret.

Ivar Hodnefjell (t.v.) og Cato Østerhus ser fram til å få "Restauration" på sjøen igjen.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

ÅMØY

: -Det er eit unikt skip, seier Cato Østerhus til Øyposten idet han tek «Restauration» i augesyn på kaia i Åmøy Hamn. Der har ho lege i eit godt halvår i påvente av betre tider.,

Før helga blei det kjent at boligutbyggar og millionær Cato Østerhus har kjøpt skipet for ein ukjent sum av ei av distriktets rikaste kvinner, Youhong Jin Hermansen.

Nå skal den 54 fot lange skuta, ein slupp på fagspråket, skrapast, pussast og botnsmørjast, før ho får sin base ved kaia utfor Utstein Kloster Hotel på Mosterøy. Østerhus kjøpte seg inn i hotellet i fjor, og «Restauration» vil bli ein viktig del av eit utvida hotell-tilbod med kurs og konferansar.

«Restauration» blei bygd på Ryfylke Trebåtbyggeri på Finnøy for 10 år sidan, heilt likt det originale skipet som sigla ut frå Stavanger i juli 1825 med 52 norske emigrantar om bord. Det er rekna som begynnelsen på den norske utvandringa til USA.

Ei skute med historie

- Det var fattigfolk som reiste og ga seg i kast med det ukjente, akkurat som dei gjer i Middelhavet i dag. Min tanke er å byggja opp om den fantastiske historia rundt skipet, og slik sett levandegjer «Restauration» denne historia. Skipet kan bli eit nasjonalt ikon som vidarefører historia rundt innvandringa. Å kun vera opptatt av det original skipet er å snakka ned ein viktig del av historia, meiner Østerhus.

-Om fire år skriv me 2025, kva tenkjer du i den forbindelse?

-Det hadde vore flott om skuta kunne segla inn på havna i New York i jubileumsåret. Viss nokon vil prøva seg, kan dei meir enn gjerne få låna skuta. Eg kan også sjølv godt tenkja meg å vera med på deler av turen, og kanskje me for anledningen må kjøpa inn ei barnevogn, smiler Østerhus, og siktar til at det på den opphavlege turen blei fødd eit jentebarn om bord, midt ute i Atlanteren.

«Restauration» kasta loss i Stavanger 4. juli og ankom New York 9. oktober same året. Ombord var kvekarar og religiøse dissentarar, fleire av dei frå Ryfylke. I Amerika hadde Cleng Peerson gjort jobben med å skaffa dei land til å slå seg ned på ved Ontario-sjøen.

Positive reaksjonar

Reaksjonane på kjøpet har vore mange og positive, seier Østerhus.

-Både frå folk som vil hjelpa til med oppussing og å sigla henne, og støtte henne økonomisk. Einaste eg saknar er å høyra noko frå det offentlege, kommunen har til dømes ikkje gitt lyd frå seg. Kanskje burde dei sagt litt kva dei tenkjer om jubileet i Stavanger om fire år og kva rolle «Restauration» kan få der, meiner han.

Med seg har Østerhus fått Ivar Hodnefjell, tidlegare sjømann og bonde frå Mosterøy. Hans rolle blir å sjå setter oppussinga og vera med og driva skuta.

-Dette er ei gåve til Ryfylke, nå er det opp til oss som bur her å ta mot gåva og bruke henne, seier Hodnefjell.

Cato Østerhus understrekar at alle som deltar på dugnad og vil og kan sigla, kan få låna «Restauration». Han ser også for seg at det blir danna ei venneforening som kan få ansvaret for drifta.

-Dessutan kan dette bli ein fin læreplass for barn og unge, avsluttar Cato Østerhus.

Publisert: