Ein god sommar for Utstein Kloster Hotel

Cato Østerhus er er godt nøgd med sommarsesong for Utstein Kloster Hotel. Sidan hotellet blei åpna 19. juni etter oppussinga har det kunna notera seg for overskot i drifta, kvar månad.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

MOSTERØY: 

19. juni åpna det nyrenoverte Utstein Kloster Hotel dørene, etter å ha vore stengt i nesten eit halvt år for oppussing. Totalt blei det investert 23 millionar kroner i oppussinga.,

Det blei bygd ny hovedinngang og resepsjon, som utvendig er dekka av fliser av cedertre både på tak og vegger. Dette er det nye signalbygget til hotellet, inspirert av det spesielle historiske og natur- og kulturmiljøet i omgivelsane rundt Utstein Kloster.

Cato Østerhus la ikkje skjul på at han var spent på sesongen då hotellet åpna, og nå kan han gjera opp status.

- Det har vore utruleg godt besøk, i juli hadde me ei omsetning som var nesten det doble av budsjettet. I restauranten kunne det vera 150 gjester, mens det før kanskje var 30-40. Mange frå øyane har overnatta på hotellet og bestilt middag der. Det er veldig kjekt, seier Østerhus til Øyposten, som neste år håpar å leggja betre til rette for båtturistar.

-Det er ein mulighet me ennå ikkje har utnytta heilt, seier han. Cato Østerhus er hovedeigar i hotellet.

Publisert: