Sauesankinga er ALLTID årets høgdepunkt

FINNØY/BRÅTVEIT: Heilt sidan 78 år gamle Trond Spanne var med på si første sauesanking som 9-åring i Ryfylkeheiane, er dette noko som den no pensjonerte og uvanleg spreke og aktive bonden berre MÅ ha med seg, kvart einaste år.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Men sjølv om den nye generasjon bønder, som har teke over gardsdrifta på Harås, ikkje driv med heieførina av sauer i dag, så hengjer Trond seg enno på dei få sankelaga som er att på Finnøy.,Også under sankinga i år var han så heldig å få seg nok ein tur ,då han hjalp til med sauesankinga i Bråtveitheia i Suldal i drifta til Tor Bjarne Flesjå på Nærland. Han skulle på sanking etter eit femtitals spelsauer frå Kyrkjesteinsdalen og omkringliggjande dalar og nutar på opp mot 1200-1300 meter.,Øyposten sin utsendte tok fylgje eit stykke på ved opp den stupbratte vegen mot Kyrkjesteinsdalen og Øvre Reinadalen. Fjell og dalsider som ligg like oppunder Snønuten .,Og trass i to nyopererte kne, og med ein tidlegare hjarteoperasjon i "ryggsekken", berre MÅTTE han Trond opp igjen for å ha med seg dette

,-Fjellheimen er drivkrafta

Me møter Trond og sankekollega Arne Madland under ein pustepause like ved inngangen til Kyrkjesteinsdalen, tett oppunder 1000 meter .I bar overkropp, og med to stavar i hand, medan sveitten silar nedover i strie straumar i det karkteristiske kvite skjegget og den bare overkroppen, går det rett nok ikkje like fort som i glansdagane. Men opp skal han..

,-

Kva er det som er drivkrafta for å begi seg ut på dette år etter år. Det er vel ikkje berre ei genuin interesse for sau?,-

Nei, det er nok ikkje heilt slik. For det var vel slik med meg som med mange andre som hadde sau tidlegare. Dei brukte å ha det som eit alibi for å koma seg til fjells både om vår og haust, smiler Trond.,-Men for min del, som alltid har lika å gå i fjellet både sommar og vinter, er det sjølve fjellheimen. Den fantastiske faunaen og sjølve botanikken og alt det andre relatert til både planter, stein og dyr som har vore spanande, legg Trond til. Bonden frå Harås som også er utdanna sivilagronom frå landbrukshøgskulen på Ås.,

Og for alle dei som har hatt gleda av å vera med på fjelltur med han Trond opp gjennom alle desse åra, har han vore som eit ope leksikon og oppslagsverk til alt av det som gror og rører seg i Ryfylkeheiane. Og som så mange andre som også har vore med, og framleis er med på den årlege sauesankinga, så er det noko heilt spesielt med det å samla seg på ei lita enkel og litt primitiv stølshytta langt oppi fjellheimen etter ein lang og slitsom dag på sausesanking;

Du tiner opp og blir gjerne litt annleis også enn det du gjerne er og får inntrykka av til vanleg i kvardagen. For sauer er ,og har alltid vore nokre "All righte dyr" i tillegg, som ein kjent rikspolitikar ein gong sa det.,Og Trond og Arne fekk også sauer med seg på den lange og bratte vegen ned frå Reinadalen og Kyrkjesteinsdalen, denne litt kalde og regnfulle søndagen i september.,-Men eg har enno eitt par sauer med lam att som går inne i Kringlenuten, (ca. 1400 m.o.h) opplyser sauebonde, Tor Bjarne Flesjå. -Men dei har eg god kontroll på, legg sauebonden til.

For med såkalla databrikker hengjande på saueklaven, kan han sitja heime i gostolen og fylgje med på PC-en kor sauene bevegar seg, tett oppunder Snønuten og Rogalands nest høgaste fjelltopp,1604 m.o.h. Det er mang ein sauesankar i Bråtveitheia som har lurt på kva i alle dagar sauen har der oppe å gjera, når nå nysnøen også legg seg rundt dei på alle kantar.

-Men det er i alle høve ein god grunn til at han Trond kanskje skal få med seg enno ein fjelltur, før han legg gåstavande  på hylla.

-Uvanleg godt beiteår i fjellet

I Kvandalen og Roalkvam, lenger nordaust for Bråtveitheia, er nokre andre finnøybuar og halsnøybuar også på sauesanking. Askild Eggebø, har saman med Solfrid Skadsem på Reilstad og Jone Halsne frå Halsnøy, også i ei årrekke sendt sauene til fjells her.

-Her hjå oss har ungane, og no ungdommen nærmast stått i kø for å få vera med, smiler Askild, som må seiast å vera ein av dei større sauebøndene på Finnøy.,Men i motsetning til kollegane lenger sør på dei grøne øyane i Ryfylke, Rennesøy og Mosterøy, berre MÅ Askild og dei andre i sankelaget ha ein del av saueflokken til fjells kvart år.,Og som i Bråtveitheia, kan sauene vandra både høgt og lang i løpet av sommaren. Ja, langt opp mot Haukeliseter. Då blir det mang ein lang og strevsam dag i høgfjellet for å få sauene heim att på hegna.

-Men så lenge me har positive og spreke ungdommar frå både Halsnøy og Finnøy med oss til å ta dei tunge og lange turane, så går dette veldig bra, seier Askild. Han kan ikkje få skryta nok av ungdommane som dei har med seg.- Og så er det jo alltid eit høgdepunkt å koma tilbake på hytta for å gjera opp status for dagen, og ikkje minst å få i seg ein ekstra god middag. For aldri smakar middagen og dei medbrakte kjøttkakene betre enn etter ein lang dag i høgheia på sauesanking, slår sauebonden klart og tydeleg fast.

-Og så blir det møje løje og god drøs til langt utover kvelden i tillegg,før me kryp under dyna. Og det å spela bondebridge er også alltid ein vinnar, legg Solfrid til.

Askild er også rask med å leggja til at det har vore eit uvanleg godt beiteår i fjellet. Han trur knapt nok at han har hatt større lam å senda til slakt frå sankehegna i Kvandalen enn akkurat denne hausten.

- Det er alltid ein garanti for godt beite at det er mykje snø i heia frå våren av. Det fører til at snøen tiner til langt utover sommaren og hausten. På den måten gror det fram friskt og godt beite til sauen heile tida. Det er ofte også grunnen til at ein del av sauene går veldig høgt om hausten når me er på sanking.

-Men det er ikkje mange sauer frå øyane i Finnøy å Rennesøy lenger å sanka heim frå heiane i Ryfylke og Sirdal?

-Nei, utviklinga går nok i den retninga. Bøndene får meir og meir ledig beiteareal, ettersom ku og storfè forsvinn frå gardane. Då vert det meir beiteareal, som gjer at ein kan ha sauen heime også om sommaren. I tillegg byrjar ein også å få kontroll på innvollssnyltarar, som ofte var eit stort problem når ein hadde sauene heime på innmarskbeite før i tida. Slik er det ikkje i dag, konstaterer Askild.

Publisert: