Rennesøy skeptisk til vern av landskap

Lokalpolitikarane i Rennesøy er skeptiske til forslaget frå Riksantikvaren om å føra opp Rennesøy og Mastrafjorden på lista over kulkturhistoriske landskap av nasjonal interesse. I staden vil dei leggja arealdelen i kommuneplanen til grunn.

Rennesøy og Mastrafjorden er blant landskapa som er plukka ut i Rogaland.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

RENNESØY: 

Riksantikvaren sitt forslag har møtt motstand i fleire kommunar, også i Rennesøy.,

KrFs Jostein Eiane meinte forslaget var å begynna i feil ende.

- Dette er ei stor og komplisert sak som kan ha store konsekvensar. Det blir lagt opp til omfattane hensynssoner som vil leggja føringar for kommuneplanen som nå er under eiane, sa Eiane, som frykta meir byråkrati ved at  det ville bli endå eit "overordna nivå".

Eiane ville heller leggja Rennesøy sin kommuneplan til grunn foreløpig for dei foreslåtte landskapa i Rennesøy.

-Me skal bidra men me kan heller eventuelt leggja dette inn i arealdelen i den nye kommuneplanen, sa Eiane.

Forslaget går ut på føra 17 landskap i Rogaland opp på KULA-lista (kulturhistoriske landskap), og mellom dei er Mastrafjorden og Rennesøy. I Finnøy er Sjernarøyane forslått tatt med i registeret.

I Rennesøy er øyane Fjøløy, Klosterøy, Mosterøy og deler av Aksje i tillegg til store deler av sjølve

Rennesøy tatt med. Austsida av Rennesøy med Hanasand og Østhusvik er ikkje tatt med i,KULA-forslaget. Det same gjeld Mortavika og Galta i nord-vest. Sjølve Klosterøy, som,er underlagt kulturmiljøfredning, er heller ikkje tatt inn i KULAforslaget

Det er Klima- og miljødepartementet som har tatt initiativet til registerert for å fylgja opp den europeiske landskapskonvensjonen, som Norge har godkjent.

Konvensjonen legg vekt på at landskap er ein felles ressurs som må sikrast gjennom målretta planlegging, forvalting og vern. Målet er å bidra til ei god forvalting av landskap generelt og desse nasjonalt viktige landskapa spesielt, heiter det omn bakgrunnen for registeret.

I innstillinga til saka gjer kommunedirektøren eit poeng av at forslaget som gjeld Rennesøy  omfattar nokre av dei mest intensive drivne jordbruksområda i Stavanger kommune. Dessutan kan forslaget også koma i konflikt med planane om steinbrot på Dalåker.

Men i staden for at bøndene ser på forslaget som ein trussel, meiner direktøren at det heller må sjåast som ein honnør til landbruket for at det har skjøtta landskapet i Rennesøy så godt.

Kommunen forslår også å ta ut Vikevåg og nokre av dei mest intensivt drive jordbruksområda frå planen, men ta inn Austre Åmøy og Klosterøya.

Publisert: