Stort meirforbruk i rennesøyskulen

Rennesøy-skulane Vikevåg, Rennesøy og Mosterøy har eit meirforbruk på 10 millionar hittil i år. At kommunedelen brukar meir på spesialundervisning og har både nynorsk- og bokmålsklassar er blant forklaringane på at Rennesøy-skulane driv dyrare enn i byen.

Skolene i Rennesøy kan bli hardt rammet ved eventuell streik.Foto Vikevåg Skule: Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

RENNESØY:

Dei heilt ferske tala blei lagt fram av skuledirektør Jørn Pedersen på møtet i kommuedelsutvalget i Rennesøy i dag.,

Skulane i både Finnøy og Rennesøy har hatt fått ein tøff økonomisk kvardag som ein følge av samanslåinga med Stavanger.

Pedersen signaliserte samtidig at det er aktuelt å revidera tildelingsmodellen for Stavanger-skulen som blei vedteken av Stavanger kommune i 2018.

Ei viktig forklaring på meirforbruket er høgare lønsutgifter som ein følge av større bruk av spesialundervisning. Også separat undervisning av nynorsk- og bokmålsklassar krev ekstra ressursar.  I følge Pedersen har skulane i Rennesøy begynt å tilpassa seg ved at veksten i lønsutgifter har begynt å avta på alle tre skulane.

Utvalget for oppvekst og utdanning vil få tildelingsmodellen på bordet i desember, er planen.

Leiaren i kommunedelsutvalget, Terje Øvrebø, peika på at gamle Rennesøy kommune har satsa på skulane i Rennesøy.

-Kvifor ikkje prøva å løfta skulane i Stavanger opp mot det me har fått til her ute, spurte Øvrebø.

Skulesjef Jørn Pedersen hadde ingen vanskar med å ta Øvrebø sitt poeng.

-Me ser at Rennesøy leverer år etter år, og skulane her ute er gode eksempler for skular i Stavanger, sa Pedersen.

Publisert: